Where Are We Now?

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Where Are We Now?» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart spelt inn i løyndom mellom september og oktober 2011 i The Magic Shop i New York City, og kom ut på ISO og Columbia Records som den første singelen frå det 24. studioalbumet hans, The Next DayiTunes 8. januar 2013. Dette var på 66-årsdagen til Bowie. Det vart laga ein musikkvideo til songen av Tony Oursler, som vart posta på nettsida til Bowie.[1] I følgje produsenten Tony Visconti var timingen for utgjevinga ideen til Bowie og singelen vart berre «droppa» på iTunes utan noko som helst melding på førehand.[2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar), David Bowie-kronologi ...

Då «Where Are We Now?» kom ut fekk det mykje omtale i media. Det var den første utgjevinga til Bowie med nytt materiale sidan Reality (2003). Songen fekk god kritikk får kritikarane og mange likte den reflekterande tekst og dyster kvalitet, og såg på det som ein velkommen retur for artisten etter eit tiår langt opphald. Han toppa iTunes-lista i ei rekkje land og nådde sjetteplassen på UK Singles Chart, noko som gjorde han til den største hitten til Bowie sidan «Absolute Beginners» i 1986 og den siste topp 10-hitten hans før han døydde i januar 2016. Suksessen til songen betydde òg at Bowie fekk ein topp ti-hit på UK Singles Chart i fem ulike tiår (1960-åra, 1970-åra, 1980-åra, 1990-åra og 2010-åra), noko få andre artistar har klart å oppnå.

Remove ads

Komposisjon og innspeling

Akkompagnementet for «Where Are We Now?» vart spelt inn 13. september 2011 i The Magic Shop i New York City,[3] og ekstra lydspor vart lagt til seinare. Pianisten Henry Hay sa om innspelinga: «'Where Are We Now?' er den aller første songen eg spelte på, den første dagen eg arbeidde med Bowie. Han hadde spelt ein god del av songen på piano sjølv, så det som enda opp på albumet var ei blanding av det han spelte og de eg spelte. Eg trur eg spelte på heile slutten av songen. Heile prosessen var særs organisk.» Bowie spelte inn vokalen for songen 22. oktober 2011.[4]

Musikalsk er «Where Are We Now?» ein kunstrocksong.[5] Teksten er enkel og repeterande, ein eldre person som minnest tid brukt og tid sløst: «Had to get the train / from Potsdamer Platz / you never knew that / that I could do that / just walking the dead», og han gjer ein grimase når han syng den siste linja i videoen. Han gjorde ein ny grimase etter: «A man lost in time near KaDeWe / just walking the dead», som kjem før refrenget: «Where are we now / where are we now?»[6] Chris Roberts kalla han ein «spektral, skrøpeleg lengsle utan å slå seg på brystet, ærleg i sine få, avklipte frasar og hjartesukk om dei skitne leksjonane til hjartet[7]

Den grafiske designeren Jonathan Barnbrook, som skapte omslaget for The Next Day, skreiv at songen er ei «samanlikning mellom Berlin då muren fall og Berlin i dag».[8]

Remove ads

Omslag

Omslaget på singelen vart som albumet designa av Jonathan Barnbrook. I følgje Pegg syner det monokrome oppnedbiletet «ein tynn Bowie som lener seg 45 grader mot mikrofonstativet sitt,» då han spelte i Radio City Music Hall i New York City hausten 1974. Han var opphavleg tenkt som plateomslag for The Next Day, men der nytta ein i staden ei modifisert utgåve av omslaget til “Heroes”.[9]

Utgjeving

Før singelen kom ut hadde ikkje Bowie gjeve ut nytt materiale på ti år, sidan Reality i 2003, og han hadde ikkje stått på scenen sidan 2006,[10] og ein trudde generelt at han i røynda hadde pensjonert seg.[11] Men morgonenen på 66-årsdagen hans, 20. september 2021, dukka videoen for «Where Are We Now?» opp på YouTube,[12] i lag med informasjon på nettsida hans om det komande albumet The Next Day. «Where Are We Now?» vart òg gjort tilgjengeleg for kjøp på iTunes same dagen.[3] Utgjevinga var uvanleg i at det ikkje var noko marknadsføring i det heile, og det var opp til fansen å oppdage singelen på eiga hand.[13] Produsenten Tony Visconti sa om den overraskande utgjevinga «Det var Bowie sin idé om å berre droppe songen ved midnatt på bursdagen hans og la ting skje.» Visconti syntest derimot det var eit «rart val» for ein opningssingel.[3] Alan Edwards forklarte utgjevinga i 2016 i dokumentaren Music Mongels: «Dei ville at det skulle sjå ut som om det ikkje hadde vore noka førehandsplanlegging. Denne tingen skulle berre falla ned frå himmelen - David Bowie dukkar berre opp igjen ... Dette er ein seriøs kulturell augneblink som fortener overskrifter..»[14]

Dei to åra før singelen kom ut hadde Bowie halde for seg sjølv at han igjen var i studio, og berre dei direkte involvert i den indre krinsen hans var klar over det. Som fansen, vart ikkje platesjefar og journalistar informerte før i siste augneblink. I følgje biografen Nicholas Pegg sa Alan Edwards i Outside Organisation, som i mange år leia PR-avdelinga til Bowie i Storbritannia, at han først fekk vite om singelen fire dagar før han kom ut.[14] Med liten tid til å planlegge informerte Edwards sine mest pålitelege journalistkollegare om å køyre overskriftene morgonen då singelen kom ut som om det ikkje hadde vore noko planlegging i det heile.

I løpet av få timar etter singelen kom ut nådde Bowie dei store overskriftene verda over[15] og singelen og førehandstingingar for The Next Day toppa iTunes-lista, og klatra etter kvart til sjetteplassen på UK Singles Chart.[14] Trass i all mediamerksemda kring utgjevinga, var ikkje Bowie sjølv i media i det heile og Visconti let seg i staden intervjue og vart det ein intervjuar kalla Bowiesi «røyst på jorda».[treng kjelde] I følgje Chris O'Leary, under intervjua før utgivinga gjekk Visconti og dei andre musikarane langt på veg for å diskutera «avviket» med «Where Are We Now?» og skildra musikken på det kommande albumet som «livleg, gitarfeitt og høglydt.»[3]

Etter å ha lytta til «Where Are We Now?» sende Eric Clapton ei melding til Bowie og takka han «for å ha skrive ein så vakker song». Bowie sitt svar, «Takk for helsinga, gammal sokk. Set verkeleg pris på det», noko som førte til Clapton namngav det då kommande albumet Old Sock med løyve frå Bowie.[16]

Remove ads

Sal

Singelen gjekk til topps på salslistene i åtte land den dagen han kom ut.[17] Han låg på toppen av den britiske iTunes-lista innan kl. 15 den dagen.[18] Det vart først rekna som ikkje kvalifisert for plassering på andre britiske singellister fordi songen, i tillegg til å bli selt separat, også var gratis for dei som førehandskjøpte The Next Day på iTunes, noko som gjorde salet vanskeleg å skilja.[19] Official Charts Company løysta saka og 13. januar gjekk songen inn på UK Singles Chart på sjetteplassen, som var den høgaste plasseringa til Bowie sidan «Absolute Beginners» som nådde andreplassen i 1986. Det var den første topp 10-singelen hans i Storbritannia sidan «Jump They Say» i 1993. Den første topp 10-hitten hans i Storbritannia var «Space Oddity i 1969.»[20][21]

The Next Day gjekk til topps på iTunes-listene i 17 land den 8. januar: Austerrike, Belgia, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Greece, Iceland, Italy, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania, Sverige, Sveits og Storbritannia. Han nådde topp 10 i Australia, Japan, New Zealand, Noreg og USA same dagen.[17]

Remove ads

Mottaking

Då «Where Are We Now?» kom ut fekk han god omtale. Lucy Jones i NME gav songen ros og kalla han ein «song som sette seg på hjernen», og skildra han som ein av Bowie sine beste: «Du kjem til å sjå denne på samleplater om eit par år.»[22] Annie Zalenski i Ultimate Classic Rock meinte òg at songen sette seg på hjernen og likte den dystre kvaliteten i musikken og i røysta til Bowie. Zalenski skreiv vidare at songen ikkje syner Bowie som ei rolle, slik mange av dei tidlegare songane hans gjorde, men rett og slett berre som han sjølv – «Mennesket Bowie» – og skreiv «Det er kanskje ein rar stad for det urørlege ukonet - men denne personaen passar han likevel godt.»[23] Pitchfork-skribenten Mark Richardson la merke til aldringa i røysta til Bowie og skreiv «røysta hans er sliten og klok ... det er litt foruroligande i byrjinga ... men det whiskey-våte, nattlege, musikalske akkompagnement gir han den perfekte konteksten.» Richardson sa om tittelen: «'Where are we now?' er eit spørsmål Bowie ikkje ville ha stilt på same måte på 1970-talet; den gongen hadde han kanskje venta eit svar, men no er han gammal nok til å forstå at du eigentleg aldri finn ut av det.»[24]

Mange kritikarar likte godt at Bowie var attende med ny musikk for første gongen på ti år.[25] I ei positiv melding skreiv Gary Graff i Billboard at songen minna han om «Berlintrilogien» og kalla han til slutt «ein skånsam, men absolutt velkommen retur for The Thin White Duke.»[26] Andy Gill i The Independent skreiv på same måte om dei «reflekterande» tekstane om tida då artisten budde i Berlin og den «melankolske» lyden. Då Gill gav songen og den tilhøyrande videoen ei positiv melding, roste Gill dei «subtile innslaga av autotuning» i refrenget som aukar kjensla av skjørheit og konkluderte med at «som mange Bowie-songar, kjem den svimlande, men vakre melodien til å heimsøka deg jo meir du høyrer han».[27] David Hajdu i The New Republic likte songen som ein velkommen tilbakekomst i rampelyset og på same måte komplimentert refleksjonsevna i tekstane, og skreiv: «Med 'Where Are We Now,' gjer Bowie det klart at han vil vera i den kreative fortida hans.»[28] Neil McCorming skreiv for The Daily Telegraph at han likte den uventa utgjevinga av «Where Are We Now?» og kalla han «rockhistoriens mest overraskande, perfekte og velkomne comeback.»[29]

Remove ads

Musikkvideo

Musikkvideoen var regissert av Tony Oursler, og syner Bowie og ei kvinne som samanhengande «andlet i eit hol»-dokker som sit på ein pommelhest, Bowie med «dei permanent engestelege augo til den eldre Hertugen av Windsor,» som Robert Everett-Green sa det.[1] Kvinna viste seg seinare å vere artisten Jacqueline Humphries, kona til Oursler.[30][31] Bowie og Oursler ønskte nokon som såg ut som den personlege assistenten til Bowie, Corinne «Coco» Schwab, slik ho såg ut i 1970-åra i Berlin, der ho Bowie og Iggy Pop hang saman.[2]

Remove ads

Medverkande

I følgje biografen Chris O'Leary:[32]

Salslister

Meir informasjon Liste (2013), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads