Absolute Beginners av David Bowie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Absolute Beginners» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut 3. mars 1986 og var temasongen til filmen med same namn i 1986 (som i seg sjøl var basert på boka Absolute Beginners).
Sjølv om filmen ikkje gjekk så godt, vart songen ein stor hit og nådde andreplassen på UK Singles Chart. Han nådde òg topp 10 i ti andre land. I USA nådde han 53. plassen på Billboard Hot 100.
Bowie framførte «Absolute Beginners» under Glass Spider-turneen sin i 1987, «Mini»-turneen i 2000 og Heathen-turneen i 2002. Songen har kome ut på ei rekkje samlealbum av Bowie og kom ut som bonusspor på nyutgjevinga av Tonight (1984) i 1995.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Bowie var god ven med filmregissøren Julien Temple (som hadde arbeidd med han i 1984 med kortfilmen Jazzin' for Blue Jean), og fekk både ei birolle som Vendice Partners, og ein avtale om å spele inn teamsongen.
Han vart spelt inn i Clive Langer & Alan Winstanley sitt Westside Studios i London. Innspelinga vart gjort kjapt, men songen vart forseinka fordi det var problem under filminga av filmen. Virgin ønskte å gje ut songen i samband med premieren til filmen. Songen vart spelt inn med Rick Wakeman på piano, som tidlegare hadde spelt med Bowie på «Space Oddity»-singelen og albumet Hunky Dory. Kort tid etter innspelinga var over, kom Mick Jagger inn og spelte inn «Dancing in the Street», der dei nytta mange av dei same musikarane. Songen blanda ein 1950-tals doo-wop-stil med 80-talsstilen til Bowie.
Remove ads
Mottaking
AllMusic skildra «Absolute Beginners» som «juvelen til Bowie på 80-talet etter Let's Dance, ein stor og fantastisk ballade som let Bowie syngje som Sinatra, slik han har gjort på mange av dei beste framføringane sine».[3] Han vart vald ut av Jeremy Allen i The Guardian som ein av dei ti beste songane til Bowie.[4] Biografen Paul Trynka skildra «Absolute Beginners» som den siste store komposisjonen til Bowie i 1980-åra,[5] medan rockekritikaren Chris O'Leary skildra han som «nydeleg og ein avskjed,» med «ein av dei beste Bowie-melodiane» i refrenget.[6] Mojo sette songen på 61. plassen på lista si over dei 100 beste Bowie-songane.[7] Don Weller sin saksofonsolo er av musicOMH blitt skildra som «kanskje den beste» saksofonsoloen i ein Bowie-song. Dei skildra han som «lyden av ein mann som på valdeleg vis prøver å kaste ut sitt indre gjennom instrumentet sitt» og «noko av det mest hjarteskjerande som er festa på plate».[8]
Remove ads
Innhald
Alle spor er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
3" CD: Virgin CDT 20 (Storbritannia)
- «Absolute Beginners» – 8:03
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:40
CD: Virgin CDF 20 (Storbritannia)
- «Absolute Beginners» – 8:03
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:40
7": Virgin VS 838 (Storbritannia)
- «Absolute Beginners» – 5:36
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42
12": Virgin VSG 838–12 (Storbritannia)
- «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42
- gjeve ut i dobbeltfalsa omslag
12": EMI America SPRO 9623 (USA)
- «Absolute Beginners (Edited Version)» – 4:46
- «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
- inkludert ein eksklusiv «redigert versjon»
Nedlasting: EMI iVS 838 (Storbritannia)
- «Absolute Beginners» – 5:36
- «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:00
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:42
Nedlasting: Amazon.com (USA)
- «Absolute Beginners» – 5:37
- «Absolute Beginners (Full Length Version)» – 8:03
- «Absolute Beginners (Dub Mix)» – 5:39
- «That's Motivation» – 4:14
- «Volare (Nel blu dipinto di blu)» (Comp.: Domenico Modugno) – 3:13
Musikkvideo
Temple filma òg ein video, som var filma i same 50-talsstil som filmen. Videoen var ein hyllest til ein gammal britisk reklame for Strand-sigarettar. Det uheldige slagordet deira «You're never alone with a Strand», «du er aldri aleine med ein Strand», er sitert av Partners i filmen. Videoen nyttar òg filmklipp frå filmen.
I 2016 valde Entertainment Weekly denne ut som ein av dei tjue beste vidoeane til Bowie. Dei sa at videoen «gjer ein langt betre jobb i å uttrykkje den ikkje-irske romantikken» i MacInnes-romanen enn filen gjorde og likte den «store danse-sloss-scenen mot slutten».[9]
Remove ads
Medverkande
- Produsentar:
- Alan Winstanley
- Clive Langer
- Musikarar:
- David Bowie – vokal
- Rick Wakeman – piano
- Kevin Armstrong – gitar
- Matthew Seligman – bass
- Neil Conti – trommer
- Luís Jardim – perkusjon
- Mac Gollehon – trompet
- John Thirkell – trompet
- Don Weller, Gary Barnacle, Paul «Shilts» Weimar, Willie Garnett, Andy MacKintosh, Gordon Murphy – saksofonar
- Steve Nieve – klaverinstrument
- Janet Armstrong – korvokal
Gil Evans syng refrenget på songen i filmen
Remove ads
Konsertversjonar
- Songen vart spelt på turneen til Bowie i 1987, Glass Spider-turneen og han vart gjeven ut på Glass Spider (1988/2007).
- Konserten 25. juni 2000 på Glastonburyfestivalen, der Bowie syng songen, kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.
- Ein versjon spelt inn på BBC Radio Theatre i London, den 27. juni 2000, vart gjeven ut på ein bonusdisk som følgde den første utgåva av Bowie at the Beeb.
- Han vart framført fleire gonger under Heathen-turneen i 2002 som ein duett med bassisten Gail Ann Dorsey. Vanlegvis enda songen med at Bowie og Dorsey dansa. Mark Plati spelte bass medan ho song.
Remove ads
Andre utgjevingar
- I 1995 vart songen gjeven ut som bonusspor på Virgin Records si utgåve av albumet Tonight.
- Den 5:36 lange singelversjonen finst på følgjande samlealbum:
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- ChangesTwoBowie (1998-utgåva)
- Best of Bowie (2002) (fleste utgåver)
- The Platinum Collection (2005)
- The Best of David Bowie 1980/1987 (2007)
- Nothing Has Changed (2014) (3-CD- og vinylutgåver)
- Ein 4:46 lang versjon, gjeven ut for å marknadsføre singelen i 1986, kom ut på 1-CD og 2-CD-versjonen av Nothing Has Changed og 2-CD-utgåva av Bowie Legacy (2016).
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads