Wipe Out

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Wipe Out» er ein surferock-instrumental skriven av Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller og Ron Wilson. Han er ein 12-taktsblues[1] først framført og spelt inn av The Surfaris, som var internasjonale stjerner med denne singelen og «Surfer Joe» i 1963.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Singelen kom først ut på det vesle selskapet DFS i januar 1963 og kom ut at på ny på det vesle Princess i februar 1963, før det vart distribuert nasjonalt på Dot i april 1963. Dot gav ut singelen nok ein gong i april 1965.

Både Surfaris sin versjon og fleire coverversjonar er blitt nytta i over 20 filmar og TV-seriar sidan 1964.[2]

Omgrepet «wipe out» syner til eit fall frå surfebrettet, særleg eit som ser smertefullt ut.

Remove ads

Bakgrunn

Bob Berryhill, Pat Connolly, Jim Fuller og Ron Wilson skreiv melodien nesten på sparket, då dei trengde ei B-side til singelen «Surfer Joe». Seint i 1962, medan bandet var i Cucamonga's Pal Recording Studio for å spele inn singelen, føreslo eit av bandmedlemmane at dei i introduksjonen før musikken byrjar tok med eit høgt smell, som skulle etterlikne lyden av eit surfebrett som bryt i to. Etter smellet kan ein høyre ei manisk stemme sei «ha ha ha ha ha, wipe out». Stemma i byrjinga av songen er manageren til bandet på den tida, Dale Smallin.

Remove ads

Mottaking

Singelen låg fire månader på den nasjonale Billboard-lista hausten 1963 og nådde andreplassen på lista, bak Stevie Wonder sin «Fingertips». «Wipe Out» gjekk inn att på Hot 100 i 1966 og nådde då 16. plassen på Billboard- og niandeplassen på Cash Box-lista.

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1963/1966), Plassering ...

The Fat Boys feat. The Beach Boys-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Sommaren 1987 laga The Fat Boys & The Beach Boys ein ny versjon av «Wipe Out» som nådde 12. plassen på den amerikanske singellista og andreplassen på den britiske.

Innhald

7" Single

  1. Wipeout! 3:50
  2. Fat Boys - Crushin' 3:40

12" Maxi

  1. Wipeout! (Wave I) 6:05
  2. Wipeout! (Wave II) 5:43
  3. Fat Boys - Crushin' (12") 5:38

Salslister

Meir informasjon Liste (1987), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • The Ventures spelte «Wipe Out» på albumet deira Let's Go (1963) og The Ventures On Stage (1965).
  • Det engelske punkrockbandet Toy Dolls spelte inn ein særs kjapp versjon på det andre studioalbumet deira, A Far Out Disc, i 1985.
  • I 1993 spelte Animal frå The Muppets inn songen for albumet Muppet Beach Party. Han kom ut på singel i 1994 og nådde då 38. plassen på UK Singles Chart.[8] Det vart laga ein musikkvideo til songen.
  • Jan & Dean sin konsertversjon av «Wipe Out» frå eit tidlegare fjernsynsprogram kom i 2001 på albumet deira Live In Concert: Surf City.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads