Eagles av Eagles

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eagles er debutalbumet til rockebandet Eagles, gjeve ut i 1972. Albumet vart spelt inn i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns. Albumet vart ein umiddelbar suksess for det unge bandet og nådde 22. plassen på den amerikanske albumlista, og selde til platinaplate. Albumet inneheldt tre singlar som nådde topp 40 på singellista i USA med «Take it Easy», «Witchy Woman» og «Peaceful Easy Feeling». Dei tre singlane nådde høvesvis 12., 9. og 22. plassen. Albumet spelte ei stor rolle i å popularisere countryrockstilen frå Sør-California. I 2003 vart albumet rangert på 374. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Singelen «Take It Easy» er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma Rock and Roll». Albumet var meint for ei utgjeving i kvadrofonisk lyd, og fekk til og med eit kvadrofonisk kataolognummer, men kom aldri ut på dette formatet. I dokumentarfilmen History of the Eagles avslørte Glenn Frey at bandet var alle på peyote då bileta til omslgaet vart tekne i Joshua Tree nasjonalpark.[2][3]

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Utgjeving

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Robert Christgau meinte at bandet skreiv gode songar, men var usikker på kor autentisk countryrøtene deira var og meinte at det dei produserte var «elegant og syntetisk--glimrande, men falskt.»[5] Bud Scoppa i Rolling Stone meinte at dei hadde «respektert» countryrock-bakgrunn, og at etter Jackson Browne sitt debutalbum, var dette den beste debutplata i 1972.[6]

Remove ads

Ettermæle

William Ruhlmann i Allmusic oppsumerer albumet i si melding om albumet som balansert når det kjem til låtskrivinga, men at dei tre hitsinglane vart sungen av Frey og Henley, som sidan skulle dominere bandet.[7] Rolling Stone hadde albumet på 364. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003 og skreiv at albumet «skapte ein ny mal for tilbakelent L.A. countryrock».[8] Albumet var med i boka til Robert Dimery, 1001 Album You Must Hear Before You Die.[9]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

[10]

Produksjon

Singlar

  • «Take It Easy/Get You in the Mood» - Asylum 11005; utgjeve 1. mai 1972
  • «Witchy Woman/Early Bird» - Asylum 11008; utgjeve 1. august 1972
  • «Peaceful Easy Feeling/Tryin'» - Asylum 11013; utgjeve 1. desember 1972

Lister

Album
Meir informasjon År, Liste ...
Singlar
Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads