Wurtzitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.
Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz.[2] I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri.[1] Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.
Remove ads
Kjelder
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads