Sfaleritt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sfaleritt
Remove ads

Sfaleritt eller sinkblende er eit mineral som består av sinksulfid med varierande mengder jarn. Det inneheld gjerne òg noko mangan og kadmium og dessutan mindre mengder av gallium, indium og germanium. Det har sterk glans og særs varierande farge, vanlegvis gul, brun eller svart. Reint sinksulfid er fargelaust. Sfaleritt kan lett spaltast i seks retningar etter flatene til rombedodekaederet. Det finst på hydrotermale ertsgangar og kontaktførekomstar, ofte saman med galenitt, pyritt og chalkopyritt.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Sfaleritt er den viktigaste sinkmalmen. Mineralet er særs utbreidd òg i Noreg, særleg i kontaktsonene til Oslofeltet (Hakadal, Grua, Modum, Drammensdistriktet) og som underordna bestanddel av kismalmene i Den kaledonske fjellkjeda, som sfaleritt tidlegare vart utvunne frå som biprodukt. Særleg var det betydeleg produksjonen ved Bleikvassli og Mofjellet i Rana.

Wurtzitt er ein sjeldnare heksagonal modifikasjon av ZnS som blir danna ved høgare temperaturar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads