song av Lennon-McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia
«Let It Be» er ein song av The Beatles, som først vart gjeven ut på singel, og så på albumet med same namn, Let It Be i 1970.
Let It Be Singel av The Beatles frå albumet Let It Be | ||
B-side |
«You Know My Name (Look Up the Number)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. mars 1970 | |
Innspelt | Apple Studio 31. januar 1969 EMI Studios 30. april 1969 4. januar 1970 | |
Sjanger | Rock, pop, gospel[1] | |
Lengd | 3:50 (singel), 4:03 (album) | |
Selskap | Apple | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin (singel), Phil Spector (album) | |
Britisk The Beatles-kronologi | ||
«Something» / «Come Together» (1969) |
Let It Be | «Yesterday» (1976) |
Amerikansk The Beatles-kronologi | ||
«Something» / «Come Together» (1969) |
Let It Be | «The Long and Winding Road» (1970)
|
Sjølv om teksten på songen ofte vert feiltolka til å vere ein hymne til Jomfru Maria, er han i røynda ei hyllest til Paul McCartney si eiga mor, Mary, som døydde då han var 14 år. Han skreiv songen etter å ha hatt ein draum om ho, slik det kjem fram i første vers:
John Lennon var etter sigande særs kritisk til songen då McCartney spelte han for resten av bandet, sidan han rekna med at «Mother Mary» i teksten berre var ein sjølvrettferdig referanse til kristendom. The Beatles la likevel ekstra arbeid i songen då han vart spelt inn i januar 1969 og sleppt som singel i mars 1970. Det skulle verte den aller siste singelen frå The Beatles som kvartett.
McCartney var inspirert av gospel- og soulstemma til Aretha Franklin då han i desperasjon starta å skrive «Let It Be» i 1968 med tankane på mor si: «Eg er ikkje sikker på om ho nytta orda 'let it be'», fortalte han seinare, «men det var essensen i rådet hennar».[2] Bodskapen i den spirituell songen var kanskje til sist ei bøn om fred og forsoning med The Beatles, at uansett usemje og trugselen om oppløysing, la det vere (let it be).
«Let It Be» er rekna som The Beatles sin svanesong.
Det er fleire offisielle versjonar av «Let It Be». Singelutgåva vart produsert av George Martin, men i løpet av det same året miksa Phil Spector songen på nytt for albumet med eit anna arrangement og ein ny gitarsolo. McCartney var særs misnøgd med handteringa Spector gav songen, og fekk først songen gjort på nytt i 2003 då albumet Let It Be... Naked kom ut, ikkje berre med «Let It Be» vaska for lydbiletet til Spector, men samtlege songar på albumet. Det er òg ein fjerde versjon av songen på albumet The Beatles Anthology 3.
McCartney spelte piano, eit Blüthner Flügel frå Leipzig, Tyskland, på songen, medan Lennon spelte bass. George Harrison spelte gitarsolo, og Ringo Starr trommer, som vart framheva med ekko av Spector, noko Starr mislikte. På albumet Let it Be... Naked kan ein høyre den originale tromminga hans. I tillegg spelte Billy Preston orgel.
The Beatles
Andre musikarar
Vekeslister
Årslister
|
Salstrofé
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.