Mikmaq (ofte skrive Micmac, Migmaw eller Mikmaw på engelsk, og Míkmaq, Míkmaw' eller Mìgmao på mi’kmaq) er eit aust-algonkinsk språk som blir snakka av omtrent 11,000 mi’kmaq-folk i Canada og USA, av totalt 20 000 mi'kmaq-folk.[1][2] Ordet mi'kmaq er eit fleirtalsord som tyder 'venene mine' (singularis míkm[3]); adjektivforma er míkmaw.[4]

Kjappe fakta
Mi’kmaq
Míkmawísimk
Klassifisering Algisk
 Aust-algonkinsk
Bruk
Tala i Canada, USA
Område Nova Scotia, New Brunswick, Prince Edward Island, Gaspe Peninsula (Quebec), Newfoundland, Nord-Maine, Boston (Massachusetts)
Språkkodar
ISO 639-2 mic
ISO 639-3 mic
Lukk

Fonologi

Foneminventaret i mi'kmaq er vist nedanfor.

Vokalar

Meir informasjon Fremre, Midtre ...
Fremre Midtre Bakre
short long short long short long
lukka i u
Halvopen e ə o
Open a
Lukk

Konsonantar

Meir informasjon Labial, Alveolar ...
Labial Alveolar Palatal Velar
vanleg lab.
Plosiv p t k
Affrikat t͡ʃ
Frikativ s x
Nasal m n
Approksimant w l j
Lukk

Obstruentane (/p, t, k, kʷ, t͡ʃ, s, x, xʷ/) er ustemt ordinitialt eller attmed ein annan obstruent, men allofonisk stemt [b], [d], [ɡ], [ɡʷ], [d͡ʒ], [z], [ɣ], [ɣʷ] mellom sonorantar (vokalar eller dei stemte konsonantane /m, n, w, l, j/). Ordet ⟨mi'kmaq⟩, phonemisk /miːkmax/, er uttalt [miːɡmax].

Mi’kmaq skil ikkje berre mellom lange og korte vokalar, men også mellom lange og korte konsonantar. I listuguj blir dette symbolisert med å doble konsonanten. Når lange konsonantar står framfor andre konsonantar.

Syntaks

Mi’kmaq har fri ordstilling, bygd på emfase heller enn på fast ordstilling setningsledda i mellom.

Skriftsystem

Thumb
Stoppskilt på mi'kmaq i Elsipogtog First Nation

Mi’kmaq er skrive med det latinske alfabetet, og bruker ei rettskriving uvikla av kristne misjonærar på 1800-talet. Tidlegare brukte dei mi'kmaq-hieroglyffar, eit skriftsystem der indianarane var med og utvikla det. Francis-Smith-ortografien, som blir brukt i denne artikkelen, vart utvikla i 1974, og tatt opp som offisiell ortografi av Míkmaq Nation i 1980. Dette er den mest brukte ortografien, den blir brukt av mi'kmaqar frå Nova Scotia og av Míkmaq Grand Council. Systemet er likt den såkalla "Lexicon orthography", og skil seg frå den berre i bruken av apostrof ⟨'⟩ eller akutt aksent ⟨´⟩ heller enn kolon ⟨:⟩ for å markere vokallengde.

Ein kan erstatta i med strek ⟨ɨ⟩ med cirkumfleks-i ⟨î⟩. I Listuguj-ortografien markerer ein apostrof lang vokal, og bokstaven ⟨g⟩ blir brukt i staden for ⟨k⟩. 1800-tals stillehavsortografi bruker ikkje ⟨w⟩ og ⟨y⟩, og bruker ⟨o⟩ og ⟨i⟩ i staden. Den ignorerer også vokallengde. Ortografien til Silas Tertius Rand er også med i tabellen, den er meir komplisert enn det går fram av tabellen.

Meir informasjon IPA, a ...
Mi’kmaq-ortografiar
IPA a e i ə k l m n o p x s t u w j
Francis-Smith a a'/á e e'/é i i'/í ɨ j k l m n o o'/ó p q s t u u'/ú w y
Listuguj a a' e e' i i' ' j g l m n o o' p q s t u u' w y
Leksikon a a: e e: i i: ɨ j k l m n o o: p q s t u u: w y
Stillehavs- a e i tj g l m n ô p s t o
Rand ă a â ĕ ā ĭ e ŭ ch c k l m n ŏ o ō b h s d t ŏŏ oo u w y
Lukk

Talord

1 newt
2 ta'pu
3 si'st
4 ne'w
5 na'n
6 as'gom
7 lluigneg
8 ugumuljin
9 pesgunateg
10 ne'wtisga'q

Mi’kmaq bruker eit titalssystem der 10 er ne’wtisga’q og 20 er tapuisga'q.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.