Slaget ved Narva vart den andre russiske kringsettinga av svenske Narva under den store nordiske krigen, og førte til at Russland erobra byen den 9. august 1704 og så massakrerte alle dei svenske innbyggjarane.[1]
| ||||||||||||||||||||||||||
- Denne artikkelen handlar om slaget ved Narva i 1704. For andre slag ved Narva, sjå slaget ved Narva.
Fire år etter det første slaget ved Narva marsjerte tsar Peter igjen mot byen i eit forsøk på å erobre han. Peter marsjerte med 45 000 mann. Garnisonen i Narva vart kommandert av generalmajor Henning Rudolf Horn af Ranzien og bestod av 3800 infanteristar og 1300 kavaleristar. Russarane gjekk til åtak på tre frontar og etter eit langt slag tok dei byen. General Horn, fleire offiserar og mange svenske soldatar vart fanga, og om lag 3000 svenskar vart drepne eller skadde. Russarane, sjølv om dei vann, hadde store tap, 13 000 mann under heile omleiringa og det siste åtaket.
I august same året signerte Peter I Narva-traktaten i byen.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.