From Wikipedia, the free encyclopedia
Valentina Monetta (fødd 1. mars 1975 i San Marino) er ein sanmarinsk songar.
Valentina Monetta | |||
| |||
Fødd | 1. mars 1975 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Marino i San Marino | ||
Opphav | San Marino | ||
Aktiv | 1995– | ||
Sjanger | Jazz og pop | ||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | Songar |
Eurovision | ||
---|---|---|
Eurovision Song Contest | ||
Tevla for San Marino | ||
14 (SF 1) | 2012 | Artist |
11 (SF 2) | 2013 | Artist |
1–10 (SF 1) | 2014 | Artist |
1-26 (F) | 2014 | Artist |
I 2008 sendte Monetta inn songen «Se non ci sei tu» til Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV), men vart ikkje vald ut til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia.
Monetta vart vald ut av SMRTV til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan med songen den engelsk- og italienskspråklege songen «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)». Songen er skriven av Ralph Siegel, Timothy Touchton og José Santana Rodriguez. 18. mars 2012 vart songen diskvalifisert av Den europeiske kringkastinsunionen (EBU) av di han vart sett på som reklame for Facebook. 22. mars 2012 valde dei ein ny versjon av songen med tittelen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)». San Marino deltok i den fyrste semifinalen 22. mai 2012 og enda på 14. plass med 31 poeng; ti frå Albania, sju frå Moldova, fem frå Aserbajdsjan, fire frå Montenegro, tre frå Italia og to frå Hellas. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 26. mai 2012. Dette var den beste plasseringa til eit sanmarinsk bidrag sidan landet debuterte i 2008.
For andre år på rad vart Monetta vald ut av SMRTV til å representere San Marino i Eurovision Song Contest, denne gongen i Malmö i Sverige med den italienskspråklege songen «Crisalide (Vola)», skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri. San Marino deltok i den andre semifinalen 16. mai 2012 og enda på ellevteplass med 47 poeng; ti frå Spania, seks frå Malta, fem frå Makedonia og Frankrike, fire frå Israel, Armenia og Romania, tre frå Latvia, to frå Ungarn og eitt frå Aserbajdsjan, Finland, Hellas og Georgia. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. Monetta slo sin eigen rekord frå året før, og bidraget frå 2013 er førebels det sanmarinsk bidraget med best plassering. Bidraget var òg det beste mellom dei bidraga som ikkje kvalifiserte seg frå båe dei to semifinalane.
19. juni 2013 vart det klårt at Monetta ville representere San Marino for tredje år på rad.[1] Dette gjorde Monetta til den fjerde songaren som representerte eit land tre år på rad etter Lys Assia for Sveits og Corry Brokken for Nederland, båe i 1956, 1957 og 1958, og Udo Jürgens for Austerrike i 1964, 1965 og 1966. Alle tre har vunne tevlinga éin gong. Ho skulle framføre songen «Maybe», skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri, på engelsk i den fyrste semifinalen.
Etter å ha delteke tre år på rad som artist for San Marino fekk Monetta i oppdrag å dele ut dei sanmarinske poenga i finalen i Eurovision Song Contest 2015 i Wien.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.