Albumet Lazarus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lazarus (Original Cast Recording) er eit album spelt inn med besetninga frå New York for musikalen Lazarus, som var skriven av David Bowie og Enda Walsh, med musikk av David Bowie. Musikken vart orkestrert av Henry Hey. Albumet kom ut 21. oktober 2016. Albumet inneheld tre songar av Bowie som ikkje var gjeven ut tidlegare, «No Plan», «Killing a Little Time» og «When I Met You».[7][8][9][10][11][12][13] Albumet var planlagt for innspeling 11. januar 2016, som viste seg å vere dagen etter Bowie døydde. Musikarane og besetninga fekk melding om dødsfallet då dei kom i studio og den kjenslemessige framføringa deira vart spelt inn for plata.[14] Dette albumet vart produsert av David Bowie og Henry Hey og spelt inn og miksa av Kevin Killen.
Remove ads
Medverkande
Besetning
- Michael C. Hall som Thomas Jerome Newton
- Cristin Milioti som assistenten til Newton, Elly
- Michael Esper som Valentine
- Charlie Pollock som Michael
- Sophia Anne Caruso som Jente (aka musen til Newton)
- Bobby Moreno som Zach
- Lynn Craig som Maemi
- Nicholas Christopher som Ben
- Krystina Alabado som tenåringsjente 1
- Krista Pioppi som tenåringsjente 2
- Brynn Williams som tenåringsjente 3
Band
- Henry Hey – orkestrator, kapellmeister, pianist
- Chris McQueen – gitar 1
- JJ Appleton – gitar 2
- Brian Delaney – trommer
- Fima Ephron – bass
- Lucas Dodd – saksofon
- Karl Lyden – trombone
Remove ads
Innhald
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads