Always Crashing in the Same Car

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Always Crashing in the Same Car» er ein song av David Bowie frå albumet hans Low frå 1977.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Teksten uttrykker frustrasjon over å gjere den same feilen om att og om att. Forteljaren i songen fortel at han køyrer rundt i sirklar i ein hotellgarasje i stor fart, og ser seg om etter farar, før han likevel kræsjar, medan ei jente som heiter Jasmine ser på.

Remove ads

Bakgrunn

Songen viser til ei verkeleg hending i livet til Bowie som skjedde då kokainmisbruket hans var på sitt verste. Bowie køyrde Mercedesen sin då han oppdaga dopdealeren sin, som han trudde svindla han, på gata. Som hemn køyrde Bowie bilen sin inn i bilen til dealeren, før han køyrde attende til hotellet sitt og enda opp å køyre i sirklar i undergrunnsgarasjen på hotellet.[1] Det vert sagt at «Jasmine» referer til Iggy Pop, som visstnok var med Bowie i bilen då dette skjedde.

Det er to vers i songen, men eit eit tredje vers var planlagt. I studio song Bowie det tredje verset som Bob Dylan, men med tanke på motorsykkelulukka til Bob Dylan nokre år tidlegare og temaet i songen, men bandet meinte dette var for krast og Bowie bad Tony Visconti om å fjerne verset frå innspelinga.[2]


Biografen Hugo Wilcken meinte at teksten til denne songen og «Be My Wife» var inspirerte av tekstane på Syd Barrett-albumet The Madcap Laughs, i tillegg til James Joyce-diktet «Golden Hair», som Barrett sette musikk til. Han skreiv òg at på tida då Low vart spelt inn, hadde Brian Eno Farfisa-orgelet som Pink Floyd hadde brukt på sporet «Mathilda Mother», og dette Farfisa-orgelet vart nytta på Low, men ein er usikre på om dette var det faktiske orgelet dei hadde brukt.[1] Det vert nytta synthesizerar og handsamingar på songen for å føre den stort sett rolege vokalen til Bowie over lyden til bandet. Ein lang gitarsolo kjem mot slutten av songen.

Remove ads

Konsertutgåver

Remove ads

Medverkande

Andre versjonar

  • King Black Acid - Crash Course for the Ravers: A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Silent Order - Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999)
  • Ultramar - Nettutgjeving
  • Eleven Shadows - Goth Oddity 2000: A Tribute to David Bowie
  • Bluvertigo - Zero (1999)
  • Danny Michel - Loving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004)
  • Id Guinness - "Cure for the Common Crush" (2007)
  • Chairlift - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads