Earthling-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Earthling-turneen var ein konsertturné av den britiske musikaren David Bowie for å marknadsføre albumet Earthling, som kom ut i 1997. Turneen byrja 7. juni 1997 i Flughafen Blankensee i Lübeck i Tyskland, og fortsette gjennom Europa og Nord-Amerika før han enda i Buenos Aires i Argentina den 7. november 1997.
Remove ads
Historie
Bowie framførte først songar frå Earthling offentleg seint i 1996, då han spelte «Telling Lies» og stundom «Little Wonder» på show på austkysten i USA i september og oktober. Den 9. januar 1997 heldt han ein konsert i Madison Square Garden i høve 50-årsdagen sin. Ein månad seinare kom Earthling ut og Bowie marknadsførte denne med framsyningar på Saturday Night Live (8. februar) og The Tonight Show (11. februar), etterfølgd av ein betaling-per-visning av bursdagskonserten hans den 8. mars.[1]
Bowie og bandet hans byrja øvingane for turneen i april 1997 og venta at turneen skulle vare frå mai til jul i 1997. Bowie føresåg ein «verkeleg lang, lang turné».[2] Under øvingane for turneen spelte Bowie inn nye versjonar av somme av dei eldre songane sine, inkludert «The Man Who Sold the World» og «Stay». Desse oppdaterte versjonane vart framførte under turneen, men sistnemnde kom ikkje ut offisielt før i 2020 då han kom ut på EP-plata Is It Any Wonder?[3]
Det originale konseptet var å framførte to sett: eit vanleg og eit dance-orientert med drum and bass.[4] Ideen vart skrinlagd på grunn av antipati frå kritikarar og publikum.[5] Etter konserten i Muziekcentrum Vredenburg i Utrecht den 11. juni 1997 vart element av kvar av setta blanda saman til eitt sett.
«Han hata og spele akkurat slik det var på plata,» sa gitaristen Reeves Gabrels. «Han ønskte at eg skulle kle opp songane i dei kleda me gjekk med no.»[6]
Konserten 14. oktober 1997 på Capitol Theatre i Port Chester i New York – sendt på MTV-programmet Live from the 10 Spot – vart lagt til på kort varsel etter at The Rolling Stones hadde avlyst. Den neste konserten den 15. oktober 1997 i Radio City Music Hall i New York City var ein del av GQ Awards.
Setlista inkluderte Laurie Anderson-songen «O Superman» (frå Big Science (1982)) med solovokal av Gail Ann Dorsey.
Eit konsertalbum frå den europeiske delen av turneen kom til miksestadiet med både Bowie, Gabrels og Mark Plati involvert, men selskapet til Bowie, Virgin, avlyste utgjevinga.[5] Utgjevinga kom til slutt ut, med ei litt anna sporliste enn først tenkt, for abonnentar av BowieNet som albumet LiveAndWell.com, som kom ut offentleg i 2021.[5]
Remove ads
Tao Jones Index
Bowie og bandet spelte nokre frå «løynde» konsertar under namnet «Tao Jones Index», som med vilje prøvde å skule for folk kven dei var.[7] «Tao Jones Index» var eit ordspel basert på det verkelege namnet til Bowie, David Jones, og Bowie-obligasjonane som kom ut i 1997 (Tao vert uttalt «Dow», som i Dow Jones Index frå den amerikanske aksjebørsen).[8] I følgje Gabrels var det truleg Zachary Alford som kom opp med namnet,[9] og dei spelte berre som Tao Jones Index «eit halvt dusin gonger eller færre», då Bowie vart lei av prosjektet etter at fansen byrja å kjenne han att og rope etter hittane hans.[10] Setta var, i følgje Gabrels, ikkje så mykje som strengt drum and bass som «dance-remiksar»: «Me var inspirerte av dei ulike remiksane av Earthling-songane og tok dei attende og gjorde dei om som eit sceneband.»[11] Bandet spelte sine normale instrument, men utan forsterkarar, og Alford spelte elektroniske trommer.[12] Det var berre ei offisiell utgjeving frå Tao Jones Index-framsyningane: ein 12"-singel av «Pallas Athena» og «V-2 Schneider» (1997).[13]
Eit konsertopptak var frå 10. juni 1997, der versjonane av «Pallas Athena» og «V2-Schneider» var henta frå. Eit anna opptak var frå 19. juli 1997 på Phoenixfestivalen. Konserten deira i BBC Radio 1 sitt dansetelt skjedde før den vanlege konserten på hovudscenen dagen etter.
Remove ads
Turnéband
- David Bowie – vokal, gitar, alt- & barytonsaksofon
- Reeves Gabrels – gitar, korvokal
- Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal, klaverinstrument
- Zack Alford[14] – trommer, perkusjon
- Mike Garson – klaverinstrument, korvokal
Konsertar
Remove ads
Songar
Frå Space Oddity
Frå The Man Who Sold the World
Frå Hunky Dory
- «Quicksand»
- «Queen Bitch»
Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Frå Aladdin Sane
- «My Death» (opphavleg frå La Valse à Mille Temps (1959) av Jacques Brel; skriven av Brel & Mort Shuman)
- «I'm Waiting for the Man» (opphavleg frå The Velvet Underground & Nico (1967) av The Velvet Underground og Nico, skriven av Lou Reed)
Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture
- «White Light/White Heat» (opphavleg frå White Light/White Heat (1968) av The Velvet Underground; skriven av Lou Reed)
Frå Young Americans
- «Young Americans»
- «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar)
- «Stay»
Frå Low
Frå "Heroes"
- «"Heroes"» (Bowie, Brian Eno)
- «V-2 Schneider»
Frå Lodger
- «Look Back in Anger» (Bowie, Eno)
Frå Scary Monsters (and Super Creeps)
Frå Let's Dance
Frå Tin Machine
- «I Can't Read» (Bowie, Reeves Gabrels)
- «Pallas Athena» (Tao Jones Index-versjonen)
Frå Outside
- «Outside» (Bowie, Kevin Armstrong)
- «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie, Eno, Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay, Sterling Campbell)
- «Hallo Spaceboy» (Bowie, Eno)
- «The Motel» (Bowie, Eno)
- «The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» (Bowie, Eno, Gabrels)
- «I'm Deranged» (Bowie, Eno)
- «Strangers When We Meet»
Frå Earthling
- «Little Wonder» (Bowie, Gabrels, Mark Plati)
- «Looking for Satellites» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «Battle for Britain (The Letter)» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «Seven Years in Tibet» (Bowie, Gabrels)
- «Dead Man Walking» (Bowie, Gabrels)
- «Dead Man Walking (Moby Mix)» (Bowie, Gabrels)
- «Telling Lies»
- «The Last Thing You Should Do» (Bowie, Gabrels, Plati)
- «I'm Afraid of Americans» (Bowie, Eno)
Andre songar:
- «Can't Help Thinking About Me» (tidleg singel (1966))
- «All the Young Dudes» (frå All the Young Dudes (1972) av Mott the Hoople; skriven av Bowie)
- «Under Pressure» (opphavleg ein singel (1981) av Bowie og Queen, seinare på Hot Space åre etter; skriven av Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor)
- «Volare (Nel Blu Dipinto Di Blu)» (ein singel av Domenico Modugno, skriven av Modugno and Franco Migliacci)
- «Is It Any Wonder?» (Instrumental jam basert på «Fame», omarbeidd som «Fun» for ei BowieNet-utgjeving)
- «O Superman (For Massenet)» (frå Big Science (1982) av Laurie Anderson; skriven av Anderson)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads