Hours-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hours-turneen var ein mindre konsertturné av David Bowie som bestod av ei handfull konsertar og mange fjernsynsframføringar for å marknadsføre albumet Hours seint i 1999. Fleire konsertopptak frå turneen kom ut som B-sider til singlane frå albumet, og heile konsertar kom i 2020 ut som Something in the Air (Live Paris 99) og i 2021 som David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99).
Remove ads
Bakgrunn
Bowie hadde gjeve ut albumet Hours i oktober 1999 og la ut på ein kort turné for å marknadsføre albumet. Den 23. augsut, før albumet kom ut, spelte han på VH1-programmet Storytellers, som kom ut i 2009 som VH1 Storytellers. For resten av konsertane, vart gitaristen Page Hamilton, som var med å skipe Helmet, henta inn for å erstatte Reeves Gabrels som spelte med Bowie for siste gangen på Storytellers. Dei første rykta om at Gabrels hadde slutta vart først avkreta av begge partar før Gabrels innrømde at han og Bowie hadde gått kvart til sitt.[1]
I oktober spelte Bowie på Saturday Night Live der han framførte «Thursday's Child» og «Rebel Rebel»,[2] den første framsyninga hans der etter at han vart mellombels bannlyst frå showet i 1997.[3]
Konserten på Elysée Montmartre den 14. oktober 1999 vart filma og spelt inn og tre songar kom ut på CD-singelen av «Survive». Heile konserten kom omsider ut i 2020 som Something in the Air (Live Paris 99).[4] Konserten vart halde dagen etter at Bowie vart utnemnd til kommandør i Ordre des Arts et des Lettres av den franske regjeringa for bidraga hans til kunst og musikk.[5][6] Something in the Air kom ut på CD og vinyl for første gongen tidleg i 2021, som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.[7]
Konserten i Libro musikkhall i Wien den 17. oktober 1999, kom samstundes med lanseringa av BowieNet Europe og gjekk direkte som webcast. Konserten i Kit Kat Klub i New York City den 19. november 1999 vart òg spelt inn og rilma for ein webcast som ein del av American Express Blue Concert-serien sendt 7. desember 1999, i tillegg til at han vart kringkasta på radio av SFX Radio på same tid. Tre songar frå konserten kom ut på CD-singelen «Seven» (2000), og ei forkorta utgåve av konserten kom ut i 2021 som David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99).[8] Nettsendinga, som visstnok var ein av dei aller første direktesendingane på nettet av ein konsert nokon gong, var full av problem og vart sildra som å gå «ikkje særskild bra.»[9]
Remove ads
Turnéband
- David Bowie : vokal, akustisk gitar
- Reeves Gabrels : sologitar, berre 23. august 1999
- Page Hamilton : solo- og rytmegitar, etter 9. oktober
- Mark Plati : rytmegitar, akustisk gitar, bassgitar, korvokal, musikalsk leiar[10]
- Gail Ann Dorsey : bassgitar, rytmegitar, korvokal
- Sterling Campbell : trommer, perkusjon
- Mike Garson : klaverinstrument, piano
- Holly Palmer : korvokal, perkusjon
- Emm Gryner : korvokal
Remove ads
Konsertar
Songar
Frå Hunky Dory
Frå Aladdin Sane Frå Diamond Dogs
Frå Low Frå Lodger
|
Frå Let's Dance
Frå Tin Machine
Frå Earthling
Frå Hours
Andre songar:
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads