Back Door Man
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Back Door Man» er ein bluessong skriven av Willie Dixon for Howlin' Wolf, gjeven ut av Chess Records som B-side til Wolf sin «Wang Dang Doodle» i 1961. Songen vert rekna som ein klassikar innan Chicagoblues.
Remove ads
Teksten
I Sørstatane er ein «back-door man» ein som har eit sidesprang med ei gift kvinne, og nyttar bakdøra til å forlate huset før mannen kjem heim.[1] «When everybody trying to sleep, I'm somewhere making my midnight creep. / Every morning the rooster crow, something tell me I got to go / I am a back door man», syng Wolf. Dette er eit tema som går igjen i mange bluessongar. Robert Plant referer til Dixon-songen i Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love» (1969): «Shake for me girl, I want to be your back-door man.»[2]
Remove ads
Musikk
Singelen vart spelt inn i Chicago i 1960 av Howlin' Wolf (vokal), Otis Spann (piano), Hubert Sumlin og ein anonym mann (gitar), Willie Dixon (bass) og Fred Below (trommer). Akkordprogressjonen i refrenget på songen liknar det ein finn på Bo Diddley sin «I'm A Man» (1955), John Lee Hooker sin «I'm Mad (Again)» (1957) og Dixon sin eigen «Hoochie Coochie Man» (1954). Dei daterer alle til arbeidssongar sungen under bygginga av jernbanespor.[3]
Remove ads
Andre versjonar
Songen vart mellom anna spelt av The Doors, som spelte han inn for debutalbumet i 1967. Andre som har spelt songen er Chicken Shack, Blues Project, Shadows of Knight, Bob Weir, Harp Slim & Hosea Leavy, Sam Gopal, T-Model Ford, Quicksilver Messenger Service og Soul Asylum med Iggy Pop under opninga av Rock and Roll Hall of Fame.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads