Back Pages
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Back Pages er det 17. studioalbumet til America, gitt ut 26. juli 2011 på eOne. Albumet er det første studioalbumet til bandet med coverversjonar av nokre av favorittlåtskrivarane deira. Albumet har gjesteopptredenar av Mark Knopfler og Van Dyke Parks.[1]
Remove ads
Innspeling
Back Pages vart spelt inn i British Grove Studios i London, Your Place or Mine i Glendal i California, og Tracking Room og Zoomar South Studios i Nashville.[2]
Utgiving
Back Pages vart gitt ut 26. juli 2011 av eOne.[1] Utgivinga av Back Pages fall tilfeldigvis to dagar etter det plutselege dødsfallet til medgrunnleggjaren av America, Dan Peek.
Musikalsk stil
Den musikalske stilen på Back Pages består av den klassiske America-vokalen og akustiske gitar-lyden, akkompagnert av studiomusikarar frå Nashville, og forsterka av av nokre tidstypiske lydar, som sitar-effekten på «Woodstock» og dei «sterkt overdrivne gitareffektane» på «Time of the Season».[3]
Plateomslag
Bilete på plateomslaget er teke av Chad Griffith og viser eit brunt skinninnbunde manuskriptalbum med notar liggjande på eit trebord. Omslaget til manuskriptalbumet inneheld tittelorda «Back» og «Pages» skilt av den stiliserte logoen til bandet.
Turnear
I 2011 spelte America 85 konsertar i USA, Canada, Italia, Frankrike, Guatemala, Honduras og Chile.[4]
Mottaking
I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet tre av fem stjerner, og noterte «den intime og vennlege» produksjonen på albumet og det nokre gonger overraskande arrangementet, og konkluderte: «Det er behageleg og engasjerande utan å vera sjølvtilfreds. Det er eit besøk hos gamle vener som framleis kan gjera noko uventa etter alle desse åra.»[1]
I meldinga si for American Songwriter gav Rick Moore albumet tre og ei halv av fem stjerner, og kalla det «ein velgjord CD for babyboomarar og barna deira». Han rosa songutvalet for å inkludera både eldre og moderne standardar, og noterte: «Røystene og rekkjevidda til America ser ikkje ut til å ha forandra seg det minste; om noko, blir desse gutane berre betre, ettersom dei syng med den sjølvtilliten som berre alderen kan gi.»[3]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- America
- Gerry Beckley – vokal, akustisk gitar
- Dewey Bunnell – vokal, akustisk gitar
med:
- Larry Beaird – banjo, akustisk gitar
- Pat Buchanan – elektrisk gitar
- Mark Knopfler – elektrisk gitar (6)
- Fred Mollin – 12-strengs akustisk gitar, perkusjon, synthesizer, korvokal
- John Willis – akustisk gitar, elektrisk gitar
- Mike Johnson – pedalsteelgitar
- Stuart Duncan – fele, mandolin
- Larry Paxton – bassgitar
- John Jarvis – piano, Wurlitzer elektrisk piano
- Tony Harrell – harmonium, orgel, piano, synthesizer, Wurlitzer
- Van Dyke Parks – trekkspel
- Greg Morrow – trommer, perkusjon
- Jaime Babbitt – vokal
- Jeffrey Foskett – korvokal
- Russell Terrell – korvokal
- Produksjon
- Fred Mollin – produsent
- Kyle Lehning – lydteknikar, miksing
- Guy Fletcher – lydteknikar
- Mark Linett – ekstra lydteknikar
- «Teenage» Dave Salley – ekstra lydteknikar
- Greg Calbi – mastering
- Paul Grosso – kunstnarisk leiar
- Andrew Kelley – kunstnarisk leiar, design
- Chad Griffith – fotografi
- Henry Diltz – fotografi
- Dmitri Kasterine – fotografi
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads