Something for Everybody

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Something for Everybody er det 13. studioalbumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor i mono og stereo i juni 1961. Innspelinga fann stad den 8. november 1960 i Radio Recorders i Hollywood, og den 12. mars 1961 i RCA Studio B i Nashville. I USA nådde singelen førsteplassen på Billboard si Top Pop LPs. Albumet selde til gullplate den 15. juli 1999 hos Recording Industry Association of America.[4]

Meir informasjon Elvis Presley-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Innhald

Etter Presley kom attende frå militærtenesta i hæren i mars 1960 vart all tvil om han kunne gjenskape suksessen frå 1950-åra fjerna. Det året gjekk alle dei tre singlane hans til topps på listene og det første albumet hans, Elvis Is Back!, hadde nådd andreplassen på albumlista. Musikalfilmen G.I. Blues hadde vore ein stor suksess og det tilhøyrande albumet gjekk til topps på albumlista.[5]:147

Han pressa på og gjekk inn i Studio B i Nashville og spelte inn elleve songar for dette albumet i løpet av 12 timar. I tillegg spelte han inn singelen «I Feel So Bad».[5]:148 Singelen var opphavleg meint som den tolvte songen på albumet, men Presley valte, etter at RCA-sjefen Bill Bullock overstyrte manageren hans, som ønskte «Wild in the Country» med «I Slipped, I Stumbled, I Fell» som singel, å gje ut songen i lag med tittelsporet til filmen Wild in the Country. Ein annan song som hadde vore med i filmen og som ikkje var gjeven ut før, «I Slipped, I Stumbled, I Fell», vart den siste songen på albumet.[5]:156

13. juli 1999 kom albumet ut på CD med seks bonusspor, fire singlar og to b-sider spelte inn over eitt år og gjeve ut i 1961 og 1962. Rekkefølgja på albumet vart òg endra. Alle sidene nådde topp 40 då dei kom ut, på ei tid då Billboard og førte opp B-sidene på lista, og to av singlane, «Surrender» og «Good Luck Charm», nådde toppen av singellista. «Surrender» vart spelt inn under innspelinga av gospelalbum His Hand in Mine frå 1960. Heile utgåva frå 1999 kom ut på Legacy Edition-utgåva av Elvis Is Back! i 2011. Bonusspora vart alle spelte inn i Studio B i Nashville.

I 2006 kom Something for Everybody ut på ny for Follow That Dream i ei dobbelutgåve med originalplata og mange alternative opptak.[6][7]

Remove ads

Medverkande

Den 12. og 13. mars 1961

Den 8. november 1960

  • Elvis Presley – vokal, gitar
  • The Jordanaires – korvokal
  • Scotty Moore – elektrisk gitar
  • Dudley Brooks –piano
  • Meyer Rubin – kontrabass
  • D.J. Fontana – trommer
Remove ads

Innhald

Originalutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1999-utgåva med bonusspor

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Follow That Dream-utgåva frå 2006

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Plassering

Meir informasjon År, Lister ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads