Breaking Glass

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Breaking Glass» er ein song av den engelske artisten David Bowie. Han vart skriven av Bowie, bassist George Murray og trommeslagar Dennis Davis. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet Low i 1977. Ein omarbeidd versjon vart spelt på 1978-turneen og eit konsertopptak frå turneen vart gjeven ut som singel for å promotere konsertalbumet Stage i 1978. EPen nådde 54. plass på den britiske singellista i desember 1978.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I USA vart songen «Star» vald ut som singel frå albumet (med «What in the World» og «Breaking Glass» som B-sider), men nådde ikkje lista. I Japan vart «Blackout» gjeven ut på singel.

«Breaking Glass» vart framført på turneane i 1978, 1983, 1995–1996, 2002 og 2003-2004.

Remove ads

Tekst

Den originale songen var kompromisslaus sjølv til Low å vere. Den fragmenterte teksten, var som fleire andre songar skriven under perioden Bowie budde i Berlin, sjølvgranskande på den mørke, narkotikafylte perioden då han budde i Amerika i 1976-1976. Teksten såg meir ut som ein paragraf enn ein song, og då han vart delt inn i frasar, gav han songen ein usamanhengande kjensle. Songen er òg merkverdig kort, med berre eitt vers og ei lengd på under to minutt.

Linjene «Don't look at the carpet; I drew something awful on it» syner til at Bowie teikna Livstreet på golvet i denne perioden, sidan han var interessert i Aleister Crowley og Kabbalah på denne tida.

Remove ads

Innhald

  1. «Breaking Glass» (Bowie, Davis, Murray) – 3:28
  2. «Art Decade» (Bowie) – 3:10
  3. «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:32

Medverkande

Konsertversjonar

Remove ads

Andre utgjevingar

  • Songen finst på samleplatene:
    • Chameleon (Holland 1979)
    • Best of Bowie (1980)
    • Sound and Vision-boksen (1989)
    • The Best of 1974/1979 (1998)
    • The Platinum Collection (2005/2006) (studioversjonen)
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet
  • Ein lengre versjon av studioinnspelinga, opphavleg gjeven ut på singel i Australia, kom ut på digitalt format og CD for første gongen i 2017 på Re:Call 3, ein del av samlinga A New Career in a New Town (1977–1982).[1]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads