Chicago VII

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Chicago VII er det sjette studioalbumet til det amerikansk rockebandet Chicago, gjeve ut i 1974. Det var det første og siste dobbeltalbumet deira med nye songar sidan Chicago III i 1971.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Medan dei turnerte for å marknadsføre Chicago VI i 1973, byrja bandet å bli rastlause og byrja å spele nokre lange jazzinstrumentalar i setlista si. Publikum hadde ei noko blanda reaksjon til dette, men Chicago likte musikkstykka og etter å ha snakka om det i fleire år, ønskte dei å gje ut eit reint jazz-aktig album, og drog til produsenten James William Guercio og Caribou Ranch for å spele inn det nye, ambisiøse albumet.

Innspelinga starta bra, men det vart etter kort tid usemje i gruppa om jazzprosjektet, og både Peter Cetera og Guercio var begge uroa over den kommersielle risken eit slikt album var. Bandet meinte at somme av dei jazzaktige songane var for gode til å kaste, og dei andre gjekk til slutt med på å spele inn nokre meir pop- og rock-orienterte songar i mellomtida. Slik hadde Chicago brått nok materiale til eit dobbeltalbum.

Chicago stod igjen med ein stor variasjonar av songar, som Terry Kath sin «Byblos», kalla opp etter ein klubb i Osaka i Japan der Chicago hadde spelt. Robert Lamm, som spelte inn eit soloalbum kalla Skinny Boy på den tida, kom med fleire nye songar, til og med tittelsporet frå soloalbumet sitt med The Pointer Sisters på korvokal. James Pankow kom med ein ny hitsingel, «(I've Been) Searchin' So Long» (9. plass), og trompetisten Lee Loughnane traff innartiar med den første songen han skreiv, hitsingelen «Call on Me» (6. plass). Peter Cetera skreiv flest songar for Chicago VII, med «Happy Man» og «Wishing You Were Here» (11. plass), ein svulstig ballade (teikn på framtida) med tre medlemmar frå The Beach Boys på korvokal. «Happy Man» vart sidan spelt av Tony Orlando and Dawn på albumet deira To Be With You.

Chicago VII er òg første gongen Lee Loughnane skreiv og song på eit album, og det var første og einaste gongen at alle medlemmane i bandet bidrog med låtskriving.

Albumet kom ut i mars 1974, Chicago VII og trass i at den første plata nesten berre bestod av jazzinstrumentalar, gjekk det rett til topps på den amerikanske albumlista.

I 2002 vart Chicago VII remastra og gjeve ut som ein enkel CD av Rhino Records med eitt bonusspor: ei tidleg øving av «Byblos».

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusspor (2002-utgåva)

  1. "Byblos (Rehearsal)» (Terry Kath) – 5:40
Remove ads

Medverkande

  • Blåsearrangement : (4) av James Pankow & Robert Lamm ; (2,5,6,8,9,12-15) av James Pankow

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsert av James William Guercio
  • Lydteknikar: Wayne Tarnowski og Jeff Guercio
  • Strykarar innspelt av Armin Steiner i Sound Labs (Hollywood, CA)
  • Miksa av Phil Ramone
  • Plateomslag – John Berg og Nick Fasciano
  • Fotografi – Urve Kuusik

Lister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Singel

Meir informasjon År, Singel ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads