Chris Witty

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Christine Diane Witty (fødd 23. juni 1975) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar og syklist. Ho vart sprint-verdsmeister i 1996 og olympisk meister på 1000 meter i 2002, begge på skeiser.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Skeisesport

Witty deltok i internasjonale tevlingar frå 1995 til 2006. I februar 1996 gjekk ho til topps i Skeise-VM i sprintfirkamp i Heerenveen, vann med 0,18 tidspoeng framom norske Edel Therese Høiseth. Åra 1997 og 1998 kom Witty på tredjeplassen i sprint-VM. Då Vinter-OL 1998 vart avvikla i Nagano, sikra ho seg bronsemedaljen på 1500 meter og, tre dagar seinare, sølvmedaljen på 1000 meter.

I sprint-VM 2000 vann Witty begge 1000-meterane, samanlagt kom ho på andreplass, berre tyske Monique Garbrecht var betre. Under dei olympiske leikaneSalt Lake City i 2002 sette Witty verdsrekord på 1000 meter og vann gullmedaljen på distansen. På den olympiske 1500-meteren vart ho nummer 5.

Witty sanka tre medaljar i VM enkeltdistansar, alle på 1000 m. Ho vann sølv i 1996, gull i 1998 og bronse i 2000.

Sykkelsport

Wiity kom på femteplass på 500 meter sykkeltempo under Sommar-OL 2000 i Sydney.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads