Da Ya Think I'm Sexy?
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Da Ya Think I'm Sexy?» er ein song av den britiske songaren Rod Stewart frå 1978 på albumet hans Blondes Have More Fun. Han vart skriven av Stewart, Carmine Appice og Duane Hitchings,[1] men innheld melodien frå songen «Taj Mahal» av Jorge Ben Jor og strykearrangementet frå songen «Put Something Down On It» av Bobby Womack.[2]
Da Ya Think I'm Sexy Singel av Rod Stewart frå albumet Blondes Have More Fun | ||
B-side |
«Dirty Weekend» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. november 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Disco | |
Lengd | 5:31 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Tekstforfattar | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Produsent | Tom Dowd | |
Rod Stewart-kronologi | ||
«I Was Only Joking» (1978) |
Da Ya Think I'm Sexy | «Ain't Love a Bitch» (1979)
|
Songen kom ut på singel i november 1978 og låg ei veke på toppen av den britiske singellista i desember det året, og fire veker på toppen av US Billboard Hot 100 i februar 1979. Billboard rangerte han på fjerdeplassen på lista si for heile 1979.[3] Han toppa òg singellista i Australia i to veker.
Inntektene frå songen vart donerte til UNICEF og Stewart framførte songen på Music for UNICEF Concert ved Generalforsamlinga til SN i januar 1979.[4]
Rolling Stone rangerte songen på 308. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2012.[5]
Salslister og salstrofé
Vekeslister
|
Tidenes lister
Salstrofé
|
N-Trance featuring Rod Stewart-versjonen
Da Ya Think I'm Sexy Singel av N-Trance featuring Rod Stewart frå albumet Happy Hour | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 1997 | |
Sjanger | Eurodance | |
Lengd | 3:59 | |
Selskap | Sony | |
Komponist | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Tekstforfattar | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Låtskrivar(ar) |
| |
---|---|---|
Produsent | Curds, Whey | |
N-Trance-kronologi | ||
«The Mind of the Machine» (1997) |
Da Ya Think I'm Sexy | «Paradise City» (1998) |
Rod Stewart-kronologi | ||
«When I Need You» (1997) |
Da Ya Think I'm Sexy | «Ooh La La» (1998)
|
I 1997 vart songen remixa av den engelske techno-house-gruppa N-Trance for det andre albumet deira Happy Hour med tekst frå Millie Jackson-versjonen (framført av Kelly Llorenna). Songen vart nytta i filmen A Night at the Roxbury året etter.
Salslister
- Vekeslister
Liste (1997–98) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[31] | 3 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[32] | 9 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[33] | 15 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[34] | 10 |
Danmark (IFPI)[35] | 7 |
Finland (Suomen virallinen lista)[36] | 5 |
Frankrike (SNEP)[37] | 33 |
Tyskland (Media Control AG)[38] | 15 |
Irland (IRMA)[15] | 10 |
New Zealand (RIANZ)[39] | 1 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[40] | 13 |
Noreg (VG-lista)[41] | 10 |
Skottland (Official Charts Company)[42] | 6 |
Sverige (Sverigetopplistan)[43] | 15 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[44] | 21 |
UK Dance (Official Charts Company)[45] | 30 |
UK Singles (Official Charts Company)[46] | 7 |
- Årslister
Liste (1997) | Plassering |
---|---|
New Zealand (Recorded Music NZ)[47] | 43 |
Salstrofé
2017-versjonen
Da Ya Think I'm Sexy? Singel av Rod Stewart featuring DNCE | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 2017 | |
Innspelt | 2017 | |
Sjanger | pop, disco | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Sony | |
Komponist | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Tekstforfattar | Duane Hitchings, Carmine Appice, Rod Stewart | |
Låtskrivar(ar) |
| |
---|---|---|
Produsent |
| |
DNCE-kronologi | ||
«Kissing Strangers» (2017) |
Da Ya Think I'm Sexy? | «Dance» (2018)
|
I 2017 gav Stewart ut ein remix-versjon med det amerikanske bandet DNCE.[49] Dei framførte songen på MTV Video Music Awards i 2017.[50][51]
Salslister
Liste (2017-18) | Plassering |
---|---|
Argentina Anglo (Monitor Latino)[52] | 13 |
Belgia (Ultratip Flandern)[53] | 34 |
Ungarn (Rádiós Top 40)[54] | 27 |
Israel (Media Forest)[55] | 1 |
Japan Airplay (Tokio Hot 100)[56] | 81 |
Latvia (Latvijas Top 40)[57] | 37 |
Polen (Den polske Topp 5-lista)[58] | 27 |
US Adult Contemporary (Billboard)[59] | 11 |
US Adult Pop Songs (Billboard)[60] | 34 |
Andre versjonar
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Denise LaSalle, Millie Jackson, Sabrina, Gene Summers, Tiny Tim, Tom Jones, Paris Hilton og Frankie Goes to Hollywood.
Norsk versjon
Ein norsk og parodisk versjon av songen vart utgjeven av Prima Vera i 1979 på albumet Salmer og sanger vi gjerne hiver. Den norske tittelen til songen er «Trur'u je er deilig»,[61] omsett av Jahn Teigen, Tom Mathisen og Herodes Falsk.[62]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.