Defenders of the Faith
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Defenders of the Faith er det niande studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Tre songar frå albumet vart gjevne ut som singlar: «Freewheel Burning», «Some Heads Are Gonna Roll» og «Love Bites». Albumet selde til platinaplate i USA.[9]
Remove ads
Innspeling og utgjeving
Defenders of the Faith vart spelt inn i Ibiza Sound Studios på Ibiza i Spania, og miksa frå september til november 1983 i DB Recording Studios og Bayshore Recording Studios i Coconut Grove i Miami. LP- og kassettutgåva av albumet kom ut 4. januar 1984, medan CD-utgåva kom i juli. Ein nymastra CD-versjon kom i mai 2001. Samstunde med at albumet kom ut la bandet ut på turné i Europa, medan dei fleste konsertane vart haldne i Nord-Amerika på våren og sommaren.
Stilmessig er Defenders of the Faith i same gata som føregjengaren og inneheld ei blanding av korte, kjappe metal-songar med allsongvenlege refreng. Ein finn likevel somme progressive element på songar som «The Sentinel».
Albumet vart raskt ein stor suksess og nådde berre ein plass lågare på den amerikanske Billboard-lista enn Screaming for Vengeance og markerte toppen av den kommersielle suksessen til Judas Priest. Somme kritikarar har hevda at albumet manglar singlar som står ut, som «Breaking the Law» eller «You've Got Another Thing Comin', og at albumet elles liknar på Screaming for Vengeance.
30-årsjubileumsutgåva av albumet (kom ut i mars 2015) kom med ein dobbel CD av ein konsert frå 5. mai 1984 i Long Beach Arena i Long Beach i California under Defenders of the Faith-turneen. Konserten vart opphavleg send på radio.
Remove ads
Plateomslag
Plateomslaget vart laga av Doug Johnson (som òg laga omslaget til Screaming for Vengeance) og syner ein Metallian, ein tiger-liknande skapning med vêr-horn og maskingevær.
Kontrovers
«Eat Me Alive» vart plassert på tredjeplassen på lista til Parents Music Resource Center kalla «Filthy Fifteen», ei liste over 15 songar som organisasjonen meinte var met støytande.[10] Tipper Gore frå PMRC sa at songen handla om tvungen oralsex.[11] Som svar på skuldingane spelte Priest inn songen «Parental Guidance» på det neste albumet, Turbo.
Marknadsføring
På turneen for albumet spelte bandet alle songane live, med unntak av «Eat Me Alive».
Innhald
Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der andre er nemnde
Bonuskonsert med 30-årsjubileumsutgåva
Alle spor skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der andre nemnde
Remove ads
Medverkande
- Judas Priest
- Rob Halford – vokal
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar
- Ian Hill – bassgitar
- Dave Holland – trommer
- Produksjon
- Produsert av Tom Allom
- Lydteknikar: Mark Dodson, assistert av Christian Eser, Bruce Hensal, David Roeder, Ben King og Buddy Thornton
- Plateomslag av Doug Johnson, basert på eit konsept av Judas Priest
Lister
Remove ads
Salstrofé
| Land | Organisasjon | År | Sal |
| USA | RIAA | 1988 | Platina (+ 1 000 000)[9] |
| Canada | CRIA | 1985 | Platina (+ 100 000)[25] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads