Den angolanske borgarkrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den angolanske borgarkrigen var ein blodig borgarkrig i det sørleg-afrikanske landet Angola frå 1975 til 2002. I konflikten var regjeringa til MPLA på den eine sida og på den andre sida var opprørsgrupper, hovudsakleg UNITA og FNLA.
Omkring 500 000 personar døyde i krigen.
I 1974 førte eit militærkupp i Portugal, kjend som Nellikrevolusjonen, til at diktaturet vart fjerna og erstatta med demokrati. Angola, som portugisisk koloni, fekk sjølvstende i 1975 som følgje av militærkuppet. Då slutta Den angolanske frigjeringskrigen òg, med angolansk siger.
MPLA-regjeringa vart støtta av militær deltaking frå Cuba og Sovjetunionen og vart òg støtta militært av fleire land. Opprørarane fekk militær støtte frå USA og nokre andre land. Sør-Afrika under apartheid-regimet og Zaire (som no er Den demokratiske republikken Kongo) under det totalitære regimet til Mobutu Sese Seko var direkte innblanda i konflikten.
Sovjetunionen trekte seg ut frå Angola i 1989, og Cuba i 1991, og MPLA måtte vere i stand til sjølvforsvar.
Konflikten varte til saman i nærmare 30 år, men det var og rolegare periodar, av og til på grensa til fred. I 1992 vart det signert ein fredsavtale mellom MPLA-regjeringa og opprørarane, men opprørarane starta etter kvart opp å kjempe mot regjeringa.
Det som markerte slutten på borgarkrigen, var at opprørsleiaren Jonas Savimbi frå UNITA vart drepen i februar 2002. Restane av UNITA signerte ein fredsavtale med MPLA, og det vart fred. UNITA og FNLA fekk status som politiske parti som del av eit fleirpartisystem.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads