Denizli

From Wikipedia, the free encyclopedia

Denizli
Remove ads

Denizli er ein veksande industriby sørvest i Tyrkia og i austenden av ein elvedal danna av Büyük Menderes. Byen har 511 751 innbyggjarar (2011). Kommunen Denizli er hovudsetet i provinsen Denizli.

Kjappe fakta Land, Region ...

Hovudsakleg på grunn av tekstilproduksjon og eksport har Denizli gjennomgått ei merkverdig økonomisk utvikling sidan 1980-åra.[1] Denizli vert ofte nemnd som eit godt døme på ein av byane som vert rekna til «Dei anatoliske tigrane» (tyrkisk: Anadolu Kaplanları), på grunn av det høge utviklingstempoet han har hatt.[2]

Mange turistar vitjar varmekjeldene ved Denizli, Sarayköy, Karahayıt, Pamukkale, Akköy (Gölemezli), Buldan (Yenicekent) og Çardak-distrikta. Vidare ligg fleire ruinbyar nær Denizli, som Hierapolis, Laodicea (den gamle metropol Frygia) og Colossae.

Remove ads

Klima

Om sommaren er det særs varmt i byen, medan vintrane kan vere kalde med snø på fjella som ligg kring Denizli. Klimaet om våren og hausten er mildt og den våtaste tida på året.

Meir informasjon Vêrdata for Denizli, Jan ...
Remove ads

Namn

Byen var tidlegare kjend under namnet Denizli Ladik som tyder «Laodicaea ved (inn)sjøen», sjølv om byen ikkje ligg ved kysten. Namnet har hatt fleire ulike skrivemåtar, og kan ha vist til alle dei naturlege kjeldene eller plasseringa til byen på vegen til innsjøregionen i det vestlege Tyrkia.

Kjente folk

  • Ahmet Nazif Zorlu - forretningsmann
  • Sezen Aksu - popsongar
  • Bayram Şit - olympisk medaljevinnar i bryting
  • Cem Bahtiyar - bassist i den Ankara-baserte rockegruppa maNga. (Fødd i Denizli i 1979)
  • Hasan Güngör - olympisk medaljevinnar i bryting
  • Nezih Altın - fysikar. No busett i Adıyaman.
  • Özay Gönlüm - folkesongar (1940–2000)
  • Sarp Sanin - rockesongar
  • Sıla Gençoğlu - popsongar
  • Emrah Alpat - musikar, rockegitarist
  • Hasan Ali Toptaş - forfattar
  • Ahmet Karcılılèt - forfattar
  • Serkan Genç - forfattar
  • Tuba Ünsal - skodespelarinne og modell
  • Kerem Yılmazer - film-, stemme- og teaterskodespelar
  • Tekin Akmansoy - film- og teaterskodespelar
  • Selahattin Pınar - klassisk komponist for udi og trommar
  • Osman Sınav - produser og regissør, filmmanuskriptforfattar
  • Mazhar Müfit Kansu - statsmann, guvernør
  • İbrahim Çallı - målar
  • Bulut Ara sine - skodespelar
  • Aysel Gürel - låtskrivar og skodespelar

Venskapsbyar

Denizli har offisielle venskapsband med:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads