Discipline
studioalbum av King Crimson From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Discipline er det åttande studioalbumet til det engelske bandet King Crimson, utgjeve 22. september 1981 på E.G. Records i Storbritannia og av Warner Bros. Records i USA.[5] Albumet var det første til King Crimson etter ein sju år lang pause. Berre opphavleg medlem Robert Fripp og den seinare medlemmen Bill Bruford var med frå den tidlegare besetninga. Resten av bandet bestod av Adrian Belew (gitar, vokal), som hadde spelt i lag med David Bowie, Frank Zappa og Talking Heads, og Tony Levin (bass, stick), som hadde spelt i lag med Peter Gabriel. Resultatet var at albumet fekk ein meir oppdatert 1980-tals new wave og pre-techno-stil blanda med dei tidlegare mørke og tyngre lydane frå 1970-åra.
Remove ads
Songar
Tittelen på «Matte Kudasai» er japansk for «venlegast vent». Teksten til «Indiscipline» var basert på eit brev skriven til Adrian Belew av den dåverande kona hans Margaret, om ein skulptur som ho hadde laga.
«Thela Hun Ginjeet» er eit anagram for «heat in the jungle». Då denne songen vart framført live vart noko av teksten improvisert. Medan songen vart spelt inn for «Discipline», gjekk Belew rundt i Notting Hill Gate i London med ein lydbandopptakar for å finne inspirasjon. Han vart då først plaga av ein gjeng og så av politiet. Då han kom attende til studio fortalte han om denne ubehagelege hendinga til resten av bandet. Han visste derimot ikkje at Fripp hadde opptakarane på, og dei nytta dette opptaket på songen.
«The Sheltering Sky» er kalla opp etter og delvis inspirert av romanen med same namn av Paul Bowles frå 1949. Bowles er ofte tilknytt Beat-generasjonen, som var ei inspirasjonskjelde for det neste studioalbumet til King Crimson, Beat.
På konsertversjonar av «Elephant Talk», «Indiscipline» og «Thela Hun Ginjeet» vart delar av teksten ofte improvisert.

Remove ads
Mottaking
Discipline nådde 41. plassen på den britiske albumlista[9] og fekk middels til positive meldingar. John Piccarella si melding i Rolling Stone hylla talentet og det kunstnariske til dei fire musikarane, særleg Belew og Fripp sine «visjonære tilnærmingsmåtar til å spele gitar på», men kritiserte «det overdrive kunstnariske» med sjølve albumet, og konkluderte med at «her er håp om at dette virtuose bandet held i lag lenge nok, i motsetnad til alle andre utgåver av King Crimson, til at dei kan omforme alle eksperimenta sine til nyskapingar.»[8] Robert Christgau skildra albumet som «ikkje verst--the Heads møter The League of Gentlemen.»[7]
Greg Prato si seinare melding i AllMusic rosa albumet, særskild den uventa av kombinasjonen av dei forskjellige stilane til Belew og Fripp. I følgje han var det å «fungerte det på magisk vis å setje desse to originalane saman.»[6]
Pitchfork ranerte albumet på 56. plassen på lista si over dei 100 beste albuma i 1980-åra.[10]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.
40-årsjubileumsutgåva frå 2011
Remove ads
Medverkande
- Adrian Belew – elektrisk gitar, gitarsynthesizer, solovokal (1-5), stemmebandsløyfer (2, 6)
- Robert Fripp – elektrisk gitar, gitarsynthesizer, apparat (Frippertronics)
- Tony Levin – Chapman Stick (1-2, 4, 6-7), korvokal (2, 5), bass (3, 5)
- Bill Bruford – trommer (1-5, 7), slit-tromme (6-7)
Teknisk
- Rhett Davies – produksjon
- Nigel Mills – assisterande lydteknikar
- Graham Davies – utstyr
- Peter Saville – grafisk design
- John Kyrk – kuntearbeid[11] (ikkje oppført; utgåvene frå 1981, 1986 og 1989)
- Steve Ball – knutearbeid (etter 2001)
- Paddy Spinks – strategisk manager
Remove ads
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads