Donald Runnicles

From Wikipedia, the free encyclopedia

Donald Runnicles
Remove ads

Sir Donald Cameron Runnicles, OBE HonFRSE, (fødd 16. november 1954) er ein skotsk dirigent.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Liv og virke

Donald Runnicles blei fødd i Edinburgh i 1954 som son av William Runnicles, som var direktør for eit møbelforsyningsføretak i tillegg til kormeister og organist, og Christine Runnicles.[1] Han byrja utdanninga si ved George Heriot's School i Edinburgh, og byrja seinare ved George Watson's College, som gav spesialisert musikkutdanning. Deretter studerte han ved University of Edinburgh og St John's College i Cambridge. Han studerte i eit år ved London Opera Centre.

Runnicles byrja operakarrieren sin som songtrenar og assisterande dirigent i Mannheim i Tyskland.[2] Han blei Generalmusikdirektor for byen Freiburg i 1989. I samband med dei ti åra han budde i Tyskland, har Runnicles sagt:

«I have to breathe this air, this Wagnerian air. It was life-changing and that love affair with Wagner led to what was influenced by him: the Bruckner, the Mahler.»[3]

I USA var Runnicles musikalsk leiar og hovuddirigent for San Francisco Opera frå 1992 til 2009.[4][5][6] Runnicles var gjestande hovuddirigent for Atlanta Symphony Orchestra frå september 2001 til og med 2021-2022-sesongen.[7][8][9] Frå 2001 til 2007 var han hovuddirigent for kammerorkesteret Orchestra of St. Luke's i New York.[10] Han blei musikalsk leiar for Grand Teton Music Festival i september 2005, etter å ha blitt utnemnd i august.[11] Kontrakten hans med Grand Teton blei forlenga til 2011,[12] og vidare til 2019.[13]

Runnicles dirigerte BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) for fyrste gong i 2001.[1] I oktober 2007 kunngjorde BBC SSO at Runnicles vart blitt utnemnd som neste hovuddirigenten i september 2009, med ein fyrste kontrakt på tre år.[14][15][16] Utnemninga var den fyrste hovuddirigentstillinga til Runnicles med eit britisk orkester.[17] I september 2011 forlenga BBC SSO kontrakten hans til 2015.[18] I oktober 2014 meldte orkesteret at Runnicles skulle slutta som hovuddirigent i september 2016.[18] Den siste konserten hans i stillinga var den 28. august 2016,[19] og han har no tittelen som dirigent emeritus for BBC SSO.

I oktober 2007 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles var utnemnd til neste Generalmusikdirektor, med verknad frå august 2009 og ein fyrste kontrakt på fem år.[20] I desember 2016 kunngjorde kompaniet at han kontrakten var forlenga til 2022.[21] I november 2020 blei ei ny forlenging kunngjort, til 2027.[22][23] I september 2023 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles ville gå av som GMD ved slutten av sesongen 2025-2026, ein sesong før den siste kontraktforlenginga, etter eigen førespurnad frå Runnicles.

I desember 2022 var Runnicles gjestedirigent for Dresden-filharmonien for fyrste gong. I desember 2023 kunngjorde Dresden Philharmonic at ville bli utnemnd som neste dirigent, med verknad frå sesongen 2025-2026.[24]

Thumb
Adelle Eslinger-Runnicles og Donald Runnicles spelar firehendt piano på Deutsche Oper Berlin i 2020.

Runnicles har to døtrer, Ashley og Tamara,[2][25] frå ekteskapet sitt med den sørafrikanske fiolisten Elizabeth Prior,[25] og ei eldre dotter, Alexandra, frå eit tidlegare forhold. Han blei seinare gift med den kanadiske pilatesinstruktøren Adelle Eslinger.[26]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

Runnicles har æresdoktorat frå University of Edinburgh og Royal Scottish Academy of Music and Drama (frå februar 2011).[27] I 2019 blei Runnicles vald til æresmedlem av Royal Society of Edinburgh.[28] Runnicles blei utnemnd til riddar i Storbritannia i 2020 for tenester innan musikk.[29][30]

Diskografi

  • Beethoven: Symphony No. 9, Atlanta Symphony Orchestra
  • Bellini: I Capuleti e i Montecchi / Jennifer Larmore
  • Britten: Peter Grimes / Metropolitan Opera DVD 2008
  • Britten: Billy Budd / Bo Skovhus, Vienna Festival 2001.
  • Britten: Sinfonia da Requiem / Elgar, Davies, Turnage
  • Gluck: Orfeo ed Euridice (Berlioz version) / Jennifer Larmore, Dawn Upshaw, San Francisco Opera (SFO).[31]
  • Humperdinck: Hansel und Gretel / Larmore, Ziesak.
  • Korngold: Die tote Stadt / Salzburg Festival 2004.
  • MacMillan: Violin Concerto and Symphony No. 4/ BBC Scottish Symphony Orchestra, 2016.
  • Mozart: Requiem / Levin Edition.
  • Mozart: Symphony No. 39 and Symphony No. 41 "Jupiter" / Orchestra of St. Luke's, 2011.
  • Orff: Carmina Burana / Hong, Atlanta.
  • Puccini: Turandot / Éva Marton, Michael Sylvester. SFO. (DVD, Naxos Records)[32]
  • Strauss: Capriccio / Kiri Te Kanawa, Tatiana Troyanos, Director: Peter Maniura. SFO. (DVD)[33]
  • Strauss: Ein Heldenleben, and others / NDR SO Hamburg.
  • Strauss: Four Last Songs; Wagner: Liebestod / Christine Brewer.
  • Wagner: Tristan und Isolde / Brewer, Treleaven, Rose.
  • Wagner: Wesendonck Lieder; Strauss: Four Last Songs; Alban Berg: Seven Early Songs / Jane Eaglen, London Symphony Orchestra
  • Wagner: Arias, Wesendonck Lieder / Jonas Kaufmann, DO
  • Wagner: Der Ring des Nibelungen / 'Orchestral Scenes', Dresden Staatskapelle
  • Wallace: Harvey Milk / San Francisco Opera

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads