Double Vision av Foreigner

album av Foreigner From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Double Vision er det andre studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 20. juni 1978 på Atlantic Records. Det vart spelt inn mellom desember 1977 og mars 1978 og var det einaste Foreigner-albumet som vart produsert av Keith Olsen og det siste spelt inn med bassisten Ed Gagliardi, som sidan vart erstatta av Rick Wills.

Meir informasjon Foreigner-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Double Vision var det første i ei rekkje innspelingar der talentspeidaren John Kalodner hadde namnet sitt oppført to gonger i plateomslaget, som eit ordspel på albumtittelen. «John Kalodner: John Kalodner» oppstod då produsenten Olsen lurte på korleis han skulle kredittere Kalodner på albumet. Gitaristen Mick Jones kom opp med ideen om å skrive namnet to gonger.[4]

«Tramontane» er det einaste instrumentale sporet Foreginer har gjeve ut på eit studioalbum til no.

Mick Jones syng solovokal på «Back Where You Belong» og «I Have Waited So Long».

Remove ads

Utgjeving

Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista i USA[5] og selde til platinaplate berre ei veke etter det kom ut. Det har til i dag fått sju gonger platinaplate for eit sal på like over sju millionar eksemplar i USA og i lag med samleplata Records (1982) er det rekna som det bestseljande albumet til Foreigner. I Europa nådde derimot Double Vision berre topp 40 i Stobritannia.[6]

Den første singelen var «Hot Blooded», og kom ut i juni 1978. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista. I september vart han følgd opp av «Double Vision», som nådde andreplassen på lista. Det var den høgaste plasseringa Foreigner hadde hatt til då. Den tredje og singelen, «Blue Morning, Blue Day», kom ut i desember og nådde 15. plassen på lista.[7]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Foreigner

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsentar – Mick Jones, Ian McDonald og Keith Olsen.
  • Lydteknikarar – David De Vore og Keith Olsen
  • Miksing – Jimmy Douglass, Mick Jones og Ian McDonald.
  • Mastering - George Marino i Sterling Sound (New York, NY).
  • Teknikarar – Troby Laidlaw, Randy Mason, Mac McCollum og Michael McConnell.
  • Design og fotografi – Norman Seeff
  • Management – Bud Prager i E.S.P. Inc.

Salslister

Meir informasjon Liste (1978), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads