Head Games av Foreigner
Studioalbum av Foreigner From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Head Games er det tredje studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 10. september 1979 av Atlantic Records. Albumet vart spelt inn i Atlantic Studios i New York, med ytterlegare innspelingar og miksing i Cherokee Studios i Los Angeles. Det var det einaste Foreginer-albumet som var produsert av Roy Thomas Baker, mest kjend som produsent på dei klassiske albuma til Queen. Det var første albumet med den nye bassisten Rick Wills (tidlegare i Jokers Wild og Small Faces) som erstatta Ed Gagliardi (som fekk sparken frå bandet). Det var òg det siste albumet med dei opphavlege medlemmane Ian McDonald og Al Greenwood, som slutta etter innspelinga av dette albumet.
Remove ads
Plateomslag
Modellen på fotografiet på framsida er den amerikanske skodespelarinna og filmprodusenten Lisanne Falk.
Utgjeving
Albumet kom ut i august 1979, kort tid etter den første singelen frå albumet kom ut, «Dirty White Boy». Denne singelen nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.[4] Sjølve albumet stadfesta populariteten til Foreigner og nådde femteplassen på Billboard 200-lista[5] og oppnådde platinaplate fire månader etter det kom ut. Til no har Head Games selt over fem millionar eksemplar i USA. Dei neste singlane frå albumet var tittelsporet og «Women», som nådde høvesvis 14. og 41. plassen på lista.[4]
Remove ads
Innhald
Medverkande
Foreigner
- Lou Gramm – solovokal
- Mick Jones – sologitar, piano, korvokal, solovokal (på «The Modern Day»); produsent
- Ian McDonald – gitar, klaverinstrument, vokal; produsent
- Al Greenwood – klaverinstrument
- Dennis Elliott – trommer
- Rick Wills – bassgitar, vokal
Teknisk
- Roy Thomas Baker – producer
- Geoff Workman – lydteknikar
- George Marino – mastering (i Sterling Sound, New York)
- Ted Jensen – digital ommastring i 1995 (i Sterling Sound, New York)
- Dan Hersch – digital ommastring i 2002
- Shawn R. Britton – MFSL-mastering i 2013 (o Mobile Fidelity Sound Lab i Sebastopol i California)
- Sandi Young – kunstnarisk leiar
- Chris Callis – fotografi på framsida
- David Alexander – fotografi på baksida
- William Coupon – foto i heftet
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads