Eurovision Song Contest 1970
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 1970 (ESC 1970) var den 15. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen med songen «All Kinds of Everything», framført på engelsk av musikkgruppa Dana.

Som følgje av at fire land delte fyrsteplassen i 1969 (Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland), vart Nederland valt til vertsland gjennom loddtrekning. Austerrike (som ikkje hadde vore med i 1969), Finland, Noreg, Portugal og Sverige boikotta konkurransen dette året fordi dei ikkje var nøgde med resultatet i 1969 og med avstemmingssystemet.
Dei nederlandske produsentane såg seg nøydde til å utvide programmet ettersom berre tolv land bestemte seg for å reisa til Amsterdam for å delta. Ein hadde difor eit større opningsnummer, og kvart innslag vart introdusert av eit såkalla «postkort», noko som har vorte ein tradisjon sidan.
Remove ads
Bidraga
Finale
- Finalen vart halden den 21. mars 1970 i Rai Congrescentrum.
- Irland vann konkurransen for fyrste gong.
- Sveits, Frankrike og Spania kom på ein tredelt 4. plass.
- Italia, Belgia og Monaco kom på ein tredelt 8. plass.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1970» og «ESC 1970» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 4. februar 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads