Eurovision Song Contest 1970

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eurovision Song Contest 1970
Remove ads

Eurovision Song Contest 1970 (ESC 1970) var den 15. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen med songen «All Kinds of Everything», framført på engelsk av musikkgruppa Dana.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Remove ads
Thumb
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Som følgje av at fire land delte fyrsteplassen i 1969 (Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland), vart Nederland valt til vertsland gjennom loddtrekning. Austerrike (som ikkje hadde vore med i 1969), Finland, Noreg, Portugal og Sverige boikotta konkurransen dette året fordi dei ikkje var nøgde med resultatet i 1969 og med avstemmingssystemet.

Dei nederlandske produsentane såg seg nøydde til å utvide programmet ettersom berre tolv land bestemte seg for å reisa til Amsterdam for å delta. Ein hadde difor eit større opningsnummer, og kvart innslag vart introdusert av eit såkalla «postkort», noko som har vorte ein tradisjon sidan.

Remove ads

Bidraga

Finale

Meir informasjon Nr., Land ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads