Earth av Neil Young and Promise of the Real
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Earth er eit konsertalbum av Neil Young og Promise of the Real, utgjeve 17. juni 2016 på Reprise Records. Det vart spelt inn under Rebel Content-turneen deira i 2015 og vart produsert av Young og John Hanlon. Konsertopptaka vart fiksa på i studio, i tillegg til at det vart natur- og dyrelydar oppå opptaka.
Remove ads
Bakgrunn
Young skildra albumet som «ei samling på 13 songar frå heile livet mitt, songar eg har skrivne om livet vårt her på planeten i lag.»[1] Albumet er miksa i lag med natur- og dyrelydar, som kalkunar, insekt, kråker og torevêr.[2] Young sa han var inspirert av dyr fordi «dei er ikkje pripne. Dei har ikkje hat eller noko slikt.»[3]
Young var med podcasten WTF with Marc Maron for å marknadsføre albumet. Under intervjuet skildra han Earth som «ein øyre-film» og ssa at han ønskte å bryte reglane for konsertopptak. Han skildra ein scene i Bram Stoker's Dracula der kameraet følgjer perspektivet til ei flygande flaggermus, og sa at dette var inspirasjonen for albumet. Han avslørte at valthornet på Earth-utgåva av «After the Gold Rush» vart henta frå originainnspelinga av songen frå 1970, som han var meint å gje ein forvrengd effekt. Han sa òg at korsongarane på Earth er profesjonelle vokalistar som hovudsakleg syng reklamejinglar, noko han meinte var eit «skarpt» val. Han bad songarane om å syngje optimistisk om Exxon og Monsanto, og «få det til å høyrast ut som ein vakker dag.»[4]
Før eit avtalt telefonintervju med Newsweek, instruerte publisisten til Young Zach Schonfeld om å lytte til albumet i Pono-tenesta hans. Young la på etter tre minutt då han meinte at Schonfeld ikkje hadde lytta til heile albumet.[5]
Remove ads
Mottaking
Earth har ein samla score på 66 av 100 på nettsida Metacritic, basert på 15 meldingar. Det indikerer noko positive meldingar.[6] I den positive meldinga for AllMusic, kalla Stephen Thomas Erlewine Earth «eit av dei genuint inspirerte og galne albuma til Young» og skreiv at «dyrelydane går att gjennom heile Earth, og sluker stundom gitarane, og kvitrar stundom i lag med rytme, ein effekt som er det heilt motsette av naturleg.»[7] Pitchfork Media og Sam Sodomsky skreiv at «Ærleg talt ville albumet truleg vore betre utan dyrelydane», men skreiv òg at Earth totalt sett «er overraskande balansert og gjennomtenkt takka vere den tematiske konsistensen i låtskrivinga til Young og den lause, stødige grooven til Promise of the Real».[9]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young.
Medverkande
Neil Young + Promise of the Real
- Neil Young - solovokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, munnspel, pumpeorgel, piano
- Lukas Nelson - gitar, piano, korvokal
- Micah Nelson - elektrisk gitar, elektrisk charango, korvokal
- Corey McCormick - bassgitar, korvokal
- Tato Melger - perkusjon
- Anthony Logerfo - trommer
Andre medverkande
- DRAM - ekstra vokal («People Want to Hear About Love»)
- Nico Segal - trompet («People Want to Hear About Love»)
- Joe Yankee - bass («Mother Earth»)
- Bill Peterson - valthorn («After the Gold Rush»)
- Studio korvokal:
- Charissa Nelson
- Windy Wagner
- Christine Helferich Gutter
- Suzanne Waters
- Eric Bradley
- Gerald White
- Jasper Randall
- Brian Chapman
- Darrell Brown - studio korvokalarrangement
Innspeling
- Neil Young - produsent, miksing, innspelingar av dyrelydar
- John Hanlon - producer, miksing, innspelingar av dyrelydar
- Eric Lynn - lydteknikar, innspelingar av dyrelydar
- Johnnie Burik - assisterande lydteknikar, innspelingar av dyrelydar
- Tim Mulligan - live-miksing og innspeling
- Dave Lohr - live-miksing og innspeling
- Dana Nielsen - studio korvokal-innspeling
- Jake Valentine - studio korvokal innspelingsassistent
- Joey Vitas - studio korvokal innspelingsassistent
- Billy Centenaro - studio korvokal innspelingsassistent
- Kevin Smith - innspelingar av dyrelydar
- Will Mitchell - innspelingar av dyrelydar
- Chris Bellman - mastering
Plateomslag
- Gary Burden - kunstnarisk leiar og design
- Jenice Heo - kunstnarisk leiar og design
- DH Lovelife - Earth-logo, fotografi
- Richard Hammar - fotografi
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads