Fighter av Tali Golergant

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fighter av Tali Golergant
Remove ads

«Fighter» (norsk omsetjing ‘kjempar’) er ein song av den luxembourgske artisten Tali Golergant[3], skriven av Ana Zimmer, Dario Faini, Manon Romiti og Silvio Lisbonne. Låten blei gjeven ut 12. januar 2024 og vann Luxembourg Song Contest same år. Med sigeren blei «Fighter» det luxembourgske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö – det fyrste luxembourgske Eurovision-bidraget sidan 1993.[4]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Fighter» er komponert av Ana Zimmer, Dario Faini og Manon Romiti, med tekst skriven av Zimmer, Romiti og Silvio Lisbonne.[5] I intervju har Golergant uttalt at songen handlar om korleis alle menneske lid, og korleis folk held ut gjennom vanskar. Ho nytta eit eksempel frå sitt eige liv, då ho budde i New York og møtte ei rekkje avvisingar i musikkindustrien.[6][7]

I følgje Golergant blei ho sumaren 2023 informert om den nasjonale finalen og blei overtydd om å delta etter at vener sende ho informasjon om songtevlinga.[8] Golergant blei offisielt kunngjord som deltakar i Luxembourg Song Contest 11. desember,[9] med premiere på songen 9. januar 2024.[10] To månadar seinare, etter at Golergant vann tevlinga, avslørte ho at songen ville gjennomgå ei fornying før Eurovision Song Contest 2024,[11] med den nye versjonen spela inn i Paris.[12] Den fornya versjonen av «Fighter» blei gjeven ut 29. mars.[13]

Remove ads

Eurovision Song Contest

Den 11. desember 2023 blei Golgerant kunngjord som deltakar i Luxembourg Song Contest. Den 9. januar 2024 blei «Fighter» gjeven ut og kunngjord som eit av åtte bidrag i den luxembourgske songtevlinga.[14][15] I finalen var «Fighter» blant dei tre bidraga med flest poeng og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen fekk «Fighter» 94 poeng frå juryen og 84 poeng frå sjåarane og vann Luxembourg Song Contest, 13 poeng føre andreplassen «Drowning in the Rain» av Krick.[16] Som følgje av sigeren fekk Golgerant retten til å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 2024.

Luxembourg deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai, der «Fighter» var siste bidrag ut på scena.[17][18] Songen blei nummer fem i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Malmö Arena laurdag 13. mai som det tiande og siste landet ropt opp.[19] I finalen enda «Fighter» på 11. plass i juryavrøystinga og 17. plass i telefonavrøystinga, og enda på 13. plass samanlagd med 103 poeng.[20][21]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2024), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads