Fylkeskommune

administrativ eining i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Fylkeskommune
Remove ads

Fylkeskommune er eit politisk styringsorgan på regionalt nivå i Noreg. Fylkeskommunane er ei folkevald styresmakt innanfor eit geografisk område som vert kalla fylke. Dei har kvart sitt fylkesting, som er eit styringsorgan som innbyggjarane i fylket røyster inn representantar for ein fireårsperiode under særskilde fylkestingsval som vert avvikla samstundes med kommunevala.

Thumb
Noreg har hatt 15 fylke sidan 1. januar 2024.
Thumb
Kart over fylkeskommunane 2020–2023, til saman 11 fylke.
Remove ads

Styresmakter

Fylkeskommunen sin administrasjon vert utgjord av fylkesting, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget vert altså vald av innbyggjarane i fylket. Før 1975 vart fylkestinget samansett av ordførarane i dei ulike kommunane, eller ein annan av kommunestyrerepresentantane etter val som gjekk føre seg i kommunestyra. I 1977 innførte ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til eit fylke; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.

Statsforvaltar

Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har styrings- og kontrolloppgåver i fylket på vegner av regjeringa, men er ikkje ein del av fylkeskommunen, men er beinveges underlagd regjeringa.

Ikkje ein del av noko fylke

Jan Mayen og Svalbard høyrer ikkje til noko fylke og utgjer heller ikkje eit. Jan Mayen er underlagt statsforvaltaren i Nordland,[1] medan Sysselmeisteren på Svalbard er administrativt underlagt Justisdepartementet.[2]

Bouvetøya, Peter I Øy og Dronning Maud Land vert rekna som biland.

Remove ads

Historie

Amta skifta i 1919 namn til fylke. Representantane til Amtsformannskapet (seinare fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket. Ein representant frå kvar kommune vart vald.

Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å verta primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skild ut frå fylkesmannsembetet.

Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. Direkte val til fylkesting vart vedteke av Stortinget i 1974. Det vart i 1975 for fyrste gong skipa til direkte val til fylkesting.

Fram til 2002 var dei offentlege sjukehusa styrte og finansierte av fylkeskommunane, men sjukehusreforma av 2002 skilde sjukehusa ut av fylkeskommunane, og det vart danna fem helseføretak.[3][4] I dag er det fire helseføretak.[5]

Regionreformer

Sjå òg Regionreforma i Noreg.

I 2020 hadde ein regionreforma som ende med at tal fylkeskommuner vart reduserte frå 19 til 11.[6]

I 2022 søkte Vestfold og Telemark, Viken, og Troms og Finnmark å splitta opp fylka etter stor misnøye blant innbyggjarane og nokre politiske parti, med Senterpartiet i spissen.[7][8] Desse fylka vart oppløyste frå 1. januar 2024.[9]

Remove ads

Noverande fylkeskommunar

Meir informasjon Nummer, Namn ...

Tidlegare fylkeskommunar

Meir informasjon Nummer, Namn ...
Remove ads

Sjå òg

Merknadar

  1. Fylkesnummeret høyrer til Statistisk sentralbyrå, og er ein del av den internasjonale standarden ISO 3166, spesifikt ISO 3166-2:NO.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads