Grand Hotel av Procol Harum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Grand Hotel er det sjette studioalbumet til Procol Harum. Det kom ut i 1973 og signaliserte ei retningsendring for bandet. Gitaristen Dave Ball som kom med i bandet for konsertalbumet deira året før, forlet bandet kort tid etter biletet til plateomslaget vart teke, så biletet av han vart erstatta av eit bilete av Mick Grabham klistra oppå Ball. Sjølv om bandet dei siste åra hadde hatt mange utskiftingar, gjekk bandet inn i ein meir stabil periode.
Albumet nådde 21. plassen på Billboard-lista i USA. I Danmark nådde det fjerdeplassen,[3] der gruppa alltid hadde gjort det godt.
Singelen «A Souvenir of London» vart bannlyst av BBC på grunn av referansen til kjønnssjukdomar.
Douglas Adams kom på ideen til The Restaurant at the End of the Universe då han lytta til tittelsporet.[4]
Remove ads
Innhald
Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid.
Remove ads
Medverkande
- Chris Copping - orgel
- Alan Cartwright - bassgitar
- B.J. Wilson - Trommer
- Mick Grabham - gitar
- Gary Brooker - piano og vokal
- Keith Reid - tekstforfattar
med
- Christiane Legrand vokal på «Fires (Which Burnt Brightly)»
- The Pahene Recorder Ensemble - gjesteartist (6)
- Teknisk
- John Punter - lydteknikar
- Spencer Zahn - kunst, design
- Jeffrey Weisel - fotografi, teikningar inne i plateheftet
Bakgrunnsstoff
- ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads