Heroes av Måns Zelmerlöw
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Heroes» (norsk omsetjing: heltar) er ein svensk popsong som vann Eurovision Song Contest 2015 for Sverige. Songen vert framført av artisten Måns Zelmerlöw og er skriven av Anton Malmberg Hård af Segerstad, Joy Deb og Linnea Deb. Songen vart sloppen for digital nedlasting 28. februar 2015.[1] Dette var den sjette sigeren til Sverige i tevlinga, og «Heroes» toppa singellistene i blant anna Sverige, Austerrike og Sveits.[2] I Noreg nådde «Heroes» ein fjerdeplass på VG-lista.
Remove ads
Melodifestivalen
«Heroes» var eit av bidraga som vart plukka ut til å deltake i Melodifestivalen, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Måns Zelmerlöw framførte songen i den fjerde semifinalen, som gjekk av stabelen i Örebro laurdag 28. februar 2015. Der kvalifiserte han seg direkte til finalen i Globen i Stockholm laurdag 14. mars.
I finalen var «Heroes» førehandsfavoritt. Songen var det sjette bidraget på scena av ti bidrag i finalen, og han vann Melodifestivalen med 122 poeng frå dei internasjonale juryene og 166 poeng fra dei svenske tv-sjåarane. Med 288 poeng sammenlagt vann «Heroes» den klaraste sigeren med det dåverande poengsystemet i Melodifestivalen – 149 poeng foran andreplassen.[3]
Det uvanlege sceneshowet fekk også mykje merksemd. Zelmerlöw sit foran ein videoskjerm der ein liten teikneserie-gutt dukkar opp. Underveis i framføringa samhandlar dei to, blant anna ved at dei dunkar knokane mot kvarandre. Figuren måtte justerast noko foran Eurovision Song Contest, på grunn av strid om rettar.[4]
Remove ads
Eurovision Song Contest
«Heroes» var ein av favorittane i forkant av tevlinga, og Sverige deltok i den andre semifinalen i Wien torsdag 21. mai 2015. Songen vann semifinalen og sikra seg ein plass til finalen laurdag 23. mai. Der var «Heroes» bidrag nummer 10 av 27 på scena. I avrøystinga fekk Sverige 365 poeng og vann Eurovision Song Contest med god margin foran Russland og Italia.
Sverige vann juryavrøystinga med god margin, men vart berre nummer tre i telefonavrøystinga. Dette var fyrste gongen ein Eurovision-vinnar ikkje vann telefonavrøystinga. Samtlege vinnarar frå 2009 til 2014 vann også telefonavrøystinga.[5]
Sigeren gjorde at Sverige fekk arrangere Eurovision Song Contest 2016.
Remove ads
Listeplasseringar
«Heroes» vart ein stor salgssuksess og kom inn på fleire europeiske hitlister. I Noreg nådde songen ein fjerdeplass på VG-lista og vart også sertifisert med gull i Noreg, noko som inneber at songen vart lasta ned eller strøymd minst 2 millioner gongar i Noreg.[6]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads