Innvolar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Innvolar, innmat eller mårr (latin vicera) er dei organa og organsystema som ligg meir eller mindre lause i det store holrommet i kroppen. Hjå virveldyr er desse organa i buk- og brysthola.
Organ
Hjå alle dyr med laustliggande organ finst det eit tarmsystem og indre delar av kjønnsorgan som ligg laust og utgjer innvolane. Hjå leddyr, blautdyr og ryggstrengdyr er det også eit krinsløpssystem med eit hjarte som kan takast ut. Blant dei firfota dyra ligg det i tillegg lunger, deler av urinvegane og enkelte endokrine system blant dei laustliggande organa.[1]
Innmat
Innmaten er dei etande delane av innvolane til eit dyr, til dømes tunge, lever, hjarte og nyre.[2] Innmaten omfattar ikkje muskelvevet rundt knoklar og bein. Kva typar innvolar som blir brukte, varierer frå kultur til kultur, og geografiske område. I Noreg blir til dømes svinelever brukt til leverpostei, medan i Frankrike blir feit ande- og gåselever brukt til delikatessa foie gras.
Remove ads
Innvolar i kulturen
Innvolane, særleg tarmen, har høgt væskeinnhald og er ofte fulle av bakteriar, slik at ròten startar der ved rotning.[3] Ved slakting eller sløging av fisk er den viktigaste delen av prosessen nettopp å fjerna innvolane. Nokre innvolar blir rekna som delikatesser, slik som hjartet, men majoriteten blir kasta eller brukt som fyll i til dømes pølser. Det finst også eigne rettar laga av innvolar, som lungemos, mårrpølse og haggis.[4]
Ved mumifiserining i det gamle Egypt blei innvolane fjerna for å unngå ròte, og kvart organ blei oppbevart i ei eiga kanopisk krukke.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads