James Franck

tysk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

James Franck
Remove ads

James Franck (26. august 188221. mai 1964) var ein tysk-fødd jødisk fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1925 saman med Gustav Hertz «for oppdaginga deira av lovene som regulerer verknaden av eit elektron på eit atom».[1] Høyreapparatet representerte eit praktisk bruksområde av dei forskingsresultata Franck fekk Nobelprisen for.

Franck studerte i Heidelberg og Berlin (under Paul Drude og Heinrich Rubens) og vart løna med ein doktorgrad i 1906. I 1911 vart han dosent i fysikk i Berlin, i 1981 medlem av Kaiser-Wilhelms-Institut für physikalische Chemie og i 1920 professor i eksperimentell fysikk ved Universitetet i Göttingen. Etter at nazistane tok over makta flytta han til USA etter eitt års opphald hos Niels Bohr i København, og vart der ein del av Manhattanprosjektet.

Francks mange arbeid innan atomfysikken omfatta mellom anna undersøkingar rundt dei spenningane som må til for ioniseringa av hydrogenmolekylet, saman med Gustav Hertz i 1913. Dei omfatta òg dei atoma som gjennom elektronstøyt framkalla modifikasjonene som syner seg gjennom fluorescensspektrum.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads