Just Push Play

album av Aerosmith From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Just Push Play er det trettande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, produsert i lag med samarbeidspartnarane Marti Frederiksen og Mark Hudson og gjeve ut 6. mars 2001. Den første singelen frå albumet, «Jaded», vart ein topp 10-hit i USA og verda rundt. Just Push Play selde derfor til platinaplate i USA berre ein månad etter det kom ut.

Meir informasjon Aerosmith-kronologi, Singlar frå ...

Etterfølgjande singel «Fly Away from Here», «Sunshine» og «Just Push Play», sjølv om dei fekk ein del radiospeling, klarte ikkje å nå Hot 100, sjølv om dei to sistnemnde nådde den amerikanske Mainstream Rock-lista og førstnemnde dukka opp innanfor Adult Top 40.

Remove ads

Bakgrunn

Plateomslaget, som vart designa av Hajime Sorayama, viser ein gynoid som liknar Marilyn Monroe.[4] Illustrasjonen hadde allereie vorte brukt til omslaget på eit samlealbum med hittar frå ulike artistar, kalla Video Sound, gitt ut i 1985, og som ikkje inneheldt nokre Aerosmith-låtar.[5]

Fleire songar vart spelt inn til albumet som ikkje vart brukt. «Ain't It True», «Easy», «Innocent Man», «I Love You Down» og «Sweet Dove» kan knytast til desse innspelingane. «Angel's Eye» vart brukt i filmen Charlie's Angels frå 2000. «Face» og «Won't Let You Down» vart gitt ut som bonuslåtar på seinare utgåver av albumet. Låten «Do You Wonder» skal òg ha vorte spelt inn til dette albumet.

I 2010 kritiserte gitaristen Joe Perry albumet:

Eg syns ikkje me har laga eit anstendig album på mange år. Just Push Play er min minste favoritt. Då me spelte det inn var det aldri eit punkt der alle fem medlemmene var i rommet samtidig, og den største styrken til Aerosmith er å spela saman. Det var ei lærerik oppleving for meg: ho viste meg korleis ein ikkje skal laga ei Aerosmith-plate.[6]

.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Metacritic gav albumet 65 av 100 baserte på 14 generelt positive meldingar.[7]

I meldinga si av Just Push Play for Allmusic sa Stephen Thomas Erlewine at det var deira best lydande album det siste tiåret, og dessutan «strammarar, smartare og betre» enn noko anna sidan 1989-albumet Pump, men det var ikkje mykje samanlikna med Pump og forgjengaren frå 1987, Permanent Vacation. Han følte at det mangla noko minneverdig, og «at bandet nekta å oppføre seg etter alderen sin fører til eit par pinlege glidingar inn i stagnasjon».[8]

Darryl Stredan mislikte albumet sterkt, til det punktet at han rekna det som eit bevis på at Aerosmith burde slutta å laga ny musikk.[11] Chris Willman frå Entertainment Weekly kalla albumet «bra, men ikkje bra».[10] NME sa at sjølv om det meste av albumet ikkje er nytt, var det deira første med rap metal med songar som «Just Push Play» og «Outta Your Head».[12]

David Fricke i Rolling Stone sa at Just Push Play var det næraste Aerosmith hadde komme eit «flott album» sidan Rocks frå 1976, trass i dei «svake punkta» i powerballadane på albumet.[14] Robert Christgau plukka ut førstesingelen til albumet, «Jaded», som eit utvalt spor.[13]

Albumet vart nominert til tre Grammyprisar i 2001, mellom anna for beste rockealbum (Just Push Play), beste rockeopptreden av ein duo eller gruppe («Jaded») og beste musikkvideo («Fly Away from Here»).[15]

Just Push Play debuterte på andreplassen Billboard 200 og selde over 240 000 eksemplar den første veka.[16]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

NB: På originalversjonen, omtrent 45 sekund etter «Avant Garden», er eit skjult spor med tittelen «Under My Skin Reprise» spelt i omtrent eitt minutt. På den internasjonale versjonen er sporet omtrent 40 sekund etter «Face» og på den japanske versjonen etter «I Don't Want to Miss a Thing».

Medverkande

Aerosmith

Andre medverkande

  • Jim Cox  piano på «Fly Away From Here»
  • Paul Santo  pianoinstrument Kurzweil på «Fly Away From Here», Hammondorgel på «Avant Garden», lydteknikar på Bryer Patch
  • Tower of Power  horn på «Trip Hoppin'».
  • Dan Higgins  klarinett, saksofon på Trip Hoppin'.
  •   Chelsea Tyler  korvokal på «Under My Skin»
  • Paul Caruso  loop-programmering på «Drop Dead Gorgeous», lydtekniker på Boneyard
  • Liv Tyler  kviskring på «Avant Garden»
  • Tony Perry  scratching på «Just Push Play»

Produksjon

  • Marti Frederiksen - produksjon, miksing, innspeling
  • Mark Hudson - produksjon, miksing
  • Mike Shipley - miksing
  • Richard Chycki - innspeling
  • Bryan Carrigan - ekstra lydteknikar
  • David Campbell - strykearrangement, unntatt på «Sunshine», «Luv Lies» og «Avant Garden»
  • Jim Cox - strykerarrangement på «Sunshine», «Luv Lies» og «Avant Garden», hornarrangement
  • Alan Sides - lydteknikar på strenger
  • Scott Gordon - lydteknikar på blåsarar og strykarar.
  • George Marino - mastering
  • John Kalodner - John Kalodner
  • Lesie Langlo - artist og repertoarkoordinering
  • Kevin Reagan - kunstnarisk leiar, design
  • Matthew Lindauer - design
  • Mark Seliger - fotografering
  • Hajime Sorayama - fotografi
  • Hajime Sorayama - illustrasjonar
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2001), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads