København

From Wikipedia, the free encyclopedia

København
Remove ads

København (på norsk òg Kjøpenhamn, norrønt Kaupmannahǫfn) er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg kongen. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).[2]

Kjappe fakta Land, Areal ...

København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.

Remove ads

Namn

Byen blei først berre kalla Havn, Hafnialatin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.

Historie

København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.

Åtak

København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658–1659, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.

Remove ads

Kultur

Bygningar og institusjonar

Styresmakter

Borgarmeister er Frank Jensen (2018).

Kjende personar frå København

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads