Kai Eide
norsk politikar og diplomat From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kai Aage Eide (fødd 28. februar 1949) er ein norsk diplomat og tidlegare politikar for Høgre.
Han har ein lang diplomatisk karriere i teneste for Noreg, SN og NATO, med internasjonal tryggleikspolitikk og krisehandtering som arbeidsfelt. Eide har vore ambassadør ved ei rekkje norske utanriksstasjonar, og var norsk ambassadør til OSSE 1998–2002 og til NATO 2002–2006, og dessutan SN sin spesialutsending til Afghanistan 2008–2010. Han var norsk ambassadør til Sverige frå 2014 til 2017.
Eide er ein flittig skribent og har vore mykje brukt som foredragshaldar. Han var lenge politisk aktiv i Høgre, blant anna som statssekretær for Jan P. Syse 1989–1990, men meldte seg seinare inn i Arbeidarpartiet.[1]
Remove ads
Bakgrunn
Eide vart fødd i Sarpsborg i 1949 som son av løytnant Knut Aage Hansen (1911–1970) og sjukepleiren Ella Margareth Eide (1903–1997). Gab voks opp i Fredrikstad og Ski.[1][2]
Han har examen artium frå Ski gymnas frå 1967, og er cand.mag. i fransk, folkerett og statsvitskap frå Universitetet i Oslo frå 1976. Han hadde fleire avbrot undervegs i studietida grunna politisk arbeid for Høgre.
Karriere

I 1975 vart han aspirant i Utanriksdepartementet, og var vidare ambassadesekretær i Bern og seinare i Praha. Han var medlem av den norske delegasjonen til Konferansen for tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) ved det nesten 10 månader lange møtet i Beograd 1977–1978 og delegat ved KSSE-møtet i Madrid i vel seks månader 1980–1981. Etter to år i Utenriksdepartementet byrja Eide å arbeida for NATO i Brussel, der han var 1. ambassadesekretær for den norske delegasjonen 1984–1987 og assisterande direktør for sekretariatet til NATOs generalsekretær (høvesvis Manfred Wörner og Peter Carington) 1984–1989. I ein periode i 1989 var Eide byråsjef i Utenriksdepartementet, i 1990 kom han attende til departementet som del av utanriksminister Thorvald Stoltenberg sitt sekretariat, og i 1991 var Eide spesialrådgjevar i Statoil si planavdeling.
Eide var vidare ministerråd ved Noregs delegasjon til NATO 1991–1993, rådgjevar og avløysar for SN-fredsmeklar Thorvald Stoltenberg i det tidlegare Jugoslavia 1993–1995, leiar for SNs operasjon i Bosnia-Hercegovina 1997–1998, Noregs ambassadør til OSSE i Wien 1998–2002, Noregs ambassadør til NATO i Brussel 2002–2006 og politisk direktør i Utenriksdepartementet 2006–2008. Han var SNs spesialutsending til Afghanistan frå 7. mars 2008 inntil han vart avløyst av Staffan dei Mistura 1. mars 2010. Eide var òg SNs spesialutsending til Kosovo for dåverande generalsekretær Kofi Annan i 2004 og 2005, hvorfra Eides rapportar la grunnlaget for den politikken Sikkerhetsrådet vedteke å følgja.
I 2014 vart Eide utnemnd til ambassadør i Stockholm.[3]
Remove ads
Politisk arbeid
Eide var tidleg aktiv i Høgre og arbeidd for partiet fram midten av 1970-åra, blant anna som personleg rådgjevar for Høgre-formann Erling Norvik. Fram til 1975 var han òg medlem av sentralstyret til Unge Høgre.[2] Han var òg engasjert i arbeidet for norsk EU-medlemskap og jobba difor som pressesekretær for Haakon Lie i Europabevegelsen.[1][2][4] Han var statssekretær for internasjonale spørsmål ved Statsministerens kontor i Syse-regjeringa 1989–1990 og nestleiar i Europabevegelsen omkring 1991.
Før stortingsvalet 1993 var han på tale som miljøpolitisk talsmann, miljøvernminister eller handelsminister om Høgre vart valvinnar. Arbeidarpartiet heldt likevel på regjeringsmakta og Eide vart ikkje innvald på Stortinget. Han var 1. vararepresentant til Stortinget frå Akershus 1993–1997, og møtte i alt fem dagar på Stortinget. Han var Jan Petersen sin hardaste rival om vervet som partileiar i Høgre etter at Kaci Kullmann Five varsla avgang i 1994, og var angiveleg ein av Kullmann Five sine favorittar til vervet ved sida av Petersen og Per-Kristian Foss.
Privatliv
Eide var gift med læraren Mariane Bing 1976–1989, og er gift med NRK-journalisten Gro Holm frå 2004.
Prisar og utmerkingar
I 1998 blei Kai Eide utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Bibliografi
- 1996 - De tusen dagene : Fredsmeklere på Balkan, med Thorvald Stoltenberg
- 2010 - Høyt spill om Afghanistan, Cappelen Damm, ISBN 9788202329099
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads