Kaleidoscope av Siouxsie and the Banshees
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kaleidoscope er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1980 av plateselskapet Polydor. John McKay og Kenny Morris var ute av bandet og vart erstatta av dei to nye musikarane Budgie på trommer og John McGeoch på gitar, og med dette endra bandet musikalsk retning og gav ut eit mykje meir fargerikt album. «Det var nesten eit anna band», sa Siouxsie.[1]
Før albumet kom ut kom dei to singlane «Happy House» og «Christine». I Storbritannia vart Kaleidoscope raskt det mest suksessrike albumet deira til då og nådde femteplassen på albumlista.
Remove ads
Bakgrunn og musikk
Etter at McKay og Morris slutta, omgrupperte bandet seg og endra musikalsk retning. I motsetnad til dei tidlegare albuma nytta The Banshees synthesizer og trommemaskin for første gongen. Dei eksperimenterte særskild med elektronisk musikk på eit par av spora: den minimalistiske electro-dance-songen «Red Light» og den atmosfæriske, synth-baserte «Lunar Camel». Albumet inneheld òg det som kan skildrast som ein ballade, «Desert Kisses». Kaleidoscope markerte debuten til gitaristen gitaristen John McGeoch og den nye trommeslagaren Budgie. Siouxsie såg det som «ei ny byrjing».[2] Det vart spelt inn demoar av songane i Warner Chappell med berre ein bass og ein synthesizer spelt av Siouxsie og Steven Severin. Etter turneen deira i 1979, hadde Siouxsie fått beskjed av legen sin om å ta ein månad pause. Ho brukte denne tida på å lære seg å spele gitar og komponere musikk for første gongen.
Remove ads
Utgjeving
Kaleidoscope kom ut 1. august 1980 på Polydor. Albumet nådde femteplassen på UK Albums Chart, den høgaste listeplasseringa bandet fekk.[6] Ei nyutgjeving på 180-grams vinyl med ommastra lyd kom ut i desember 2018.
Mottaking
Kritikarane var positive til albumet. Melody Maker og Paulo Hewitt gav albumet kvalifisert ros og oppsummerte det som «eit kaleidoskop av lyd og bilete, nye former, og innhald, som glimrar føre augo dine». Hewitt peikte ut «Paradise Place» og «Skin» og kalla dei «klassiske Banshee-stykke. Hypnotiske, nådelause og påtrengande».[4] Kris Needs skreiv for ZigZag og roste det som «truleg den mest varierte, mangfaldige og eventyrlege utgjevinga deira til no», og likte godt den nye musikalske retninga deira: «Om noko får det dei to føregangarane til å verke ein smule ein-dimensjonale no. Spora dreier frå dei lettaste elektroniske bakteppa til bølgjande lydveggar så hypnotiske og mektige som noko anna dei har gjort. Men det subtile i 'Happy House' og den strålande 'Christine' er peikepinnane på hovudinnhaldet på 'Kaleidoscope'». Needs skreiv at røysta til Siouxsie «fekk ny styrke og djupne, men ho gjer no òg meir enn å syngje, og skrivinga inkluderer synth, piano og gitar».[5]
Dei to singlane frå albumet, «Happy House» og «Christine», vart kort tid etter dei om ut hylla av The Jam. Songaren Paul Weller sa at begge songane brukte «nokre uvanlege lydar», medan trommeslagaren Rick Buckler omtalte dei som «nyskapande».[7]
I ei seinare melding skreiv David Cleary for AllMusic at Kaleidoscope var ei «sterk plate» med «særskild nyskapande produksjon, med intrikate synthesizer-baserte arrangement, ein smak av psykedelia i 'Christine', romskip-synthesizer på 'Tenant'og rytmiske kameraklikk på 'Red Light'».[3]
Ettermæle
Kaleidoscope inspirerte mange musikarar. I 1985 nemnte The Cure-frontmannen Robert Smith albumet då han skildra The Head on the Door: «Det minner meg om Kaleidoscope, ideen om å ha mange forskjellige lydar, forskjellige fargar».[8] I eit seinare TV-intervju omtalte Smith òg Kaleidoscope som ei av dei fem favorittplatene hans.[9]
I februar 2008 diskuterte Johnny Marr frå The Smiths McGeoch sine bidrag til «Happy House»: «Kva var det med 'Happy House' frå synspunktet til ein gitarist. For det første er det moderne. Det har ikkje nokre aspekt av rock and roll i seg og det høyrest framleis ut som The Banshes. Det var då eg verkeleg vart fan av John McGeoch. Det var ein ekstra bonus for meg at dei fekk ein så bra gitarist som hadde slutta i eit anna band. Det var som å få George Best på gitar».[10]
Radiohead sa i eit intervju i 2008 at dei øvde på «Happy House» før dei la ut på turné. Gitaristen Ed O'Brien sa: «Me har alltid gjort desse greiene frå ungdomen vår. Du veit, då me var tenåringar. Dei var veldig formande år, og det var desse banda òg».[11]
Bobby Gillespie frå Primal Scream var inspirert av både «Happy House» og «Christine» fordi dei var popsongar med mørke tema.[12]
Kaleidoscope vart òg hylla av songaren i Suede, Brett Anderson.[13] Andy Bell i Erasure har nemnt det som ein av favorittane hans :«Det meir kommersielle Siouxsie var opp i mi gate - og som alle mine favoritt-tenåringsangst-album, lærte eg alle songane utan att og baklengs».[14]
The Weeknd sampla og nytta refrenget på «Happy House» på songen hans «House of Balloons/Glass Table Girls» i 2011.[15]
Remove ads
Kulturreferansar
I filmen Notes on a Scandal frå 2006, kan ein sjå omslaget på Kaleidoscope i ein av scenane. Rollefiguren spelt av Cate Blanchett sa til kjærasten at det var favorittalbumet hennar.[16]
Innhald
Alle spor skrivne av Siouxsie og Steven Severin (tekstar av Siouxsie), utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
Siouxsie and the Banshees
- Siouxsie Sioux – vokal, akustisk (spor 2) and elektrisk gitar (spor 10), synthesizer (spor 6), fingercymbal (spor 8), kamera (spor 9), melodica (spor 11), produsent
- Steven Severin – bassgitar (spor 1-8, 10-11), elektrisk gitar (spor 2), vokal, piano (spor 5), synthesizer (spor 9), elektrisk sitar (spor 2), produsent
- Budgie – trommer (spor 1-5, 7-11), munnspel (spor 1), bassgitar (spor 2), perkusjon, produsent
- John McGeoch – gitar (spor 1, 3, 4, 7, 8), saksofon (spor 4), Farfisa orgel (spor 7), sitar (spor 8), strykar-synth (spor 8), produsent
Andre medverkande
- Steve Jones – sologitar på «Clockface», «Paradise Place» og «Skin»
- The Sirens (bestod av Severin, McGeoch, Budgie) - korvokal på «Desert Kisses»
Teknisk
- Nigel Gray – produsent
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads