Ladaniva (armensk: Լադանիվա, kalla opp etter terreng-SUV-en Lada Niva) er ein fransk-armensk verdsmusikkgruppe som som blei skipa i Lille i 2019. Duoen består av den armenske songaren Zjaklin Baghdasarjan og den franske multiinstrumentalisten Louis Thomas. Deira musikalske stil er inspirert av musikk frå heile verda, spesielt tradisjonell balkanmusikk, maloya og armensk folkemusikk. Duoen representerte Armenia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Jako».
Historie
Ladaniva blei skipa i 2019 i Lille som eit resultat av samarbeidet mellom songaren Zjaklin Baghdasarjan og multiinstrumentalisten Louis Thomas.[1] Baghdasarjan, fødd i 1997 i Jeghegnadzor i Armenia, vaks opp i Minsk i Belarus, før ho emigrerte til Frankrike saman med mora i 2014. Ho har sunge sidan tidleg barndom, og med base i Tourcoing byrja ho å studere ved Conservatoire de Lille. Thomas, fødd i 1987 i Lille, er ein jazzmusikar frå ein familie av musikarar. Han studerte også ved det same konservatoriet som Baghdasarjan. Ein kveld i 2018 møtte dei ved eit tilfelle under ein jamsession i ein musikkbar i Vieux-Lille.[2]

I mars og april 2020, medan mange land var råka av koronapandemien og var nedstengde, publiserte Ladaniva to musikkvideoar, «Vay Aman» og «Zepyuri Nman», som fekk stor suksess, spesielt blant det armenske samfunnet. Så publiserte dei musikkvideoen til låten «Kef Chilini», som nådde 18 millioner syningar i løpet av nokre få månadar.[3] I 2023 gav Ladaniva ut sitt fyrste album, som er sjølvtitulert, produsert og distribuert av PIAS.[4]
Den 9. mars 2024 blei Ladaniva kunngjord til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2024.[5] Den 13. mars blei «Jako» offentleggjord som det armenske bidraget til tevlinga.[6] Ladaniva deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda dei på tredjeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda dei på åttandeplass med 183 poeng. Dette var det beste resultatet til Armenia i Eurovision Song Contest sidan 2016.[7][8]
Musikksjangar
Repertoaret til Ladaniva er på den eine sidan inspirert av tradisjonell musikk frå Armenia, Russland, Romania og Balkan, og på den andre sida av musikk frå Latin-Amerika, Afrika og Réunion.[9]
Prisar og utmerkingar
I 2022 blei Ladaniva blei tildelt ein Public Choice Award under Music Moves Europe Award.[10][11]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.