Light of the Stable
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Light of the Stable er eit julemusikkalbum av Emmylou Harris. Det kom ut første gongen i 1979 på Warner Bros. Records men har sidan blitt gjeve ut fleire gonger med litt anna innhald opp gjennom åra. I 1992 kom ei ommastra utgåve med eit anna plateomslag. Den siste utgåva kom ut i 2004 på Rhino Records med tre ekstra spor i tillegg til dei opphavlege ti originale spora. Plateomslaget til denne utgåva kom frå den originale singelversjonen av «Light of the Stable» frå 1975. Tittelsporet vert sungen med harmonivokal av Neil Young, Dolly Parton og Linda Ronstadt.
Mark Deming i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og skreiv: «Emmylou Harris er ein artist med ei sjeldan form for røyst som kommuniserer på ein ærleg og menneskeleg måte, samstundes som røysta er krystallklår og nesten engleaktig. Kort fortalt er ho ein songar som vart fødd til å lage eit flott julealbum, og i 1979 gjorde ho akkurat det med Light of the Stable»[1]
Gavin Edwards oppførte albumet på 19. plassen på Rolling Stone si liste over 40 essensielle julemusikkalbum. Han skreiv «Harris har alltid sunge som ein engel, og på dette albumet frå 1979 speler ho den parten.»[3]
Remove ads
Innhald
Originalutgåve
2004-utgåva
Remove ads
Medverkande
- Brian Ahern – akustisk gitar, perkusjon, 6-strengs bass
- Nancy Ahern – korvokal
- Mike Bowden – bass
- Brian Bowers – autoharpe
- Tony Brown – clavinet
- James Burton – elektrisk gitar
- Rodney Crowell – akustisk gitar
- Hank DeVito – pedalsteelgitar
- Emory Gordy jr. – bass
- Glen Hardin – piano
- Sharon Hicks – korvokal
- Albert Lee – mandolin
- Willie Nelson – korvokal
- Dolly Parton – korvokal
- Frank Reckard – elektrisk gitar
- Linda Ronstadt – korvokal
- Ricky Skaggs – banjo, mandolin, fiolin, akustisk gitar
- John Ware – trommer
- Cheryl Warren – korvokal
- Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads