Flaming Pie

album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Flaming Pie er det tiande studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1997. Det var det første studioalbumet hans på over fire år, og vart stort sett spelt inn etter McCartney hadde arbeidd med det populære Beatles Anthology-prosjektet.[1] Albumet vart spelt inn fleire stader i ein periode på to år, og to songar var frå heilt attende til 1992. Fleire vener og familie av McCartney, mellom anna sonen hans, James McCartney, spelte på plata. I notata i omslaget til Flaming Pie sa McCartney: «[The Beatles Anthology] minna meg om The Beatles-standarden og standarden som me nådde med songane. Så på ein måte var det eit oppfriskingskurs som sette ramma for dette albumet.»[2]

Meir informasjon Paul McCartney-kronologi, Singlar frå ...

Flaming Pie nådde andreplassen i både Storbritannia og USA og selde til gullplate. Albumet fekk god kritikk og nådde òg Topp 20 i mange andre land. Ti år etter albumet kom ut, hadde det selt over 1,5 millionar eksemplar.

Remove ads

Bakgrunn

«Calico Skies», som Paul McCartney hadde skrive då orkanen Bob råka Long Island medan McCartney var der i 1991,[3][4] og «Great Day», med korvokal frå kona Linda McCartney,[4] kom frå ei innspeling i 1992[5][3] sjølv før Off the Ground hadde kome ut. Frå 1995 og dei neste fire åra[6] var McCartney oppteken med The Beatles Anthology, som dokumenterte soga til The Beatles.[7] Dokumentaren heitte The Long and Winding Road, kalla opp etter Beatles-songen med same namn.[7] Frå 1995 kom Anthology-albuma ut over ein toårsperiode, og EMI ønskte ikkje å gje ut nokre soloalbum av Mccartney i mellomtida.[1] McCartney sa han «var nesten fornærma i byrjinga» før han forstod at «det var dumt å konkurrere mot seg sjølv og The Beatles. Så eg gjekk med på tanken deira.[1] McCartney var oppteken med Standing Stone i mellomtida.[1]

Tittelen Flaming Pie er ein referanse til ein anekdote som John Lennon forlate i ein artikkel i Mersey Beat i 1961 om opphavet til namnet The Beatles: «Det kom i eit syn - ein mann dukka opp på ein pai i flammer (flaming pie) og sa til dei, 'frå i dag er de Beatles med ein A.'»[1][8]

Remove ads

Innspeling og struktur

Frå og med februar 1995 slo McCartney seg saman med Jeff Lynne,[9] frontmann og produsent frå Electric Light Orchestra, som var ein lidenskapleg Beatles-fan. Lynne hadde tidlegare arbeidd med Beatles-medlemmet George Harrison i 1987 på albumet hans Cloud Nine og i Traveling Wilburys, og var òg medprodusent på «Free as a Bird» og «Real Love» for Anthology-prosjektet. Planen var å produsere noko reint og enkelt - og utan utførleg produksjon. McCartney spelte inn albumet sporadisk over to år, og arbeidde ikkje berre med Lynne, men òg med Steve Miller,[10] George Martin, Ringo Starr og sonen James McCartney,[1] som spelte sologitar på «Heaven on a Sunday».[4]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet fekk gode meldingar då det kom ut i mai 1997. Med fersk kredibilitet, sjølv hos yngre fans som vart introduserte for McCartney gjennom Anthology-prosjektet,[1] debuterte albumet på andreplassen i Storbritannia. Berre Spice Girls-albumet Spice heldt albumet unna topplassen.[20] Flaming Pie fekk òg positiv respons i USA,[21] der det vart det første Topp 10-albumet til McCartney sidan Tug of War.[22] Flaming Pie selde 121 000 eksemplar den første veka i USA og nådde andreplassen der òg, igjen bak Spice Girls.[21][23]

Albumet selde til gullplate i Storbritannia, USA og Noreg.[24] I følgje Nielsen SoundScan hadde albumet seld over 1,5 millionar eksemplar verda over i juni 2007.[25] Singlane «Young Boy», «The World Tonight» og «Beautiful Night» vart alle hittar i Storbritannia og nådde Top 40 på singelista. Den einaste singelen frå albumet i USA var «The World Tonight»,[26] som kom ut 17. april 1997,[1] og nådde Topp 30 på Billboard mainstream rock-lista.[27] For å marknadsføre albumet heldt McCartney ein nettprat på nettet, og hendinga gjekk inn i Guinness rekordbok for flest folk i eit samtalerom på nettet samstundes.[28]

In the World Tonight var ein film om korleis albumet vart laga, og vart send på britiske ITV og amerikanske VH1 då albumet kom ut.[21] Albumet vart nominert til Grammyprisen for årets album, men tapte for Bob Dylan sitt Time Out of Mind.[29]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde.

Remove ads

Medverkande

Personell per CD-heftet.[30]

Musikarar
  • Orkester på «Beautiful Night»:
    • David Snell – dirigent
    • John Barclay, Andrew Crowley, Mark Bennett – trompet
    • Richard Edwards, Andy Fawbert – trombone
    • Michael Thompson, Richard Watkins, Nigel Black – horn
    • Marcia Crayford, Adrian Levin, Belinda Bunt, Bernard Patridge, Jackie Hartley, Keith Pascoe, David Woodcock, Roger Garland, Julian Tear, Briony Shaw, Rita Manning, Jeremy Williams, David Ogden, Bogustav Kostecki, Maciej Rakowski, Jonathan Rees – fiolin
    • Robert Smissen, Stephen Tess, Levine Andrade, Philip Dukes, Ivo Van Der Werff, Graeme Scott – bratsj
    • Anthony Pleeth, Stephen Orton, Martin Loveday, Robert Bailey – cello
    • Chris Laurence, Robin McGee – kontrabass
    • Susan Milan – fløyte
    • David Theodore – obo
Produksjon
  • Paul McCartney, Jeff Lynne, George Martin – produsentar
  • Geoff Emerick, Jon Jacobs, Bob Kraushaarlydteknikarar
  • Keith Smith, Frank Farrell – assisterande lydteknikarar
  • Marc Mann – digital sekvensering
  • Geoff Emerick – orkesster-lydteknikar på «Somedays»
  • Geoff Foster – assisterande lydteknikar på «Somedays»
  • Geoff Emerick, Jon Jacobs, Peter Cabbin – lydteknikar på «Beautiful Night»
  • Paul Hicks – assisterande lydteknikar på «Beautiful Night»
Remove ads

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1997), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads