Pipes of Peace
album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Pipes of Peace er det fjerde studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut i 1983. Som oppfølgjaren til det populære Tug of War, selde albumet nesten like mykje i Storbritannia, men nådde berre 15. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Pipes of Peace inneheld internasjonale hitsinglar som «Say Say Say» (i duett med Michael Jackson) og tittelsporet, men albumet fekk dårlegare kritikk enn føregangaren.
Remove ads
Bakgrunn og struktur
Mange av songane på Pipes of Peace vart spelte inn i 1981 under innspelinga av Tug of War, og «Pipes of Peace», «The Other Me», «So Bad», «Tug of Peace» og «Through Our Love» vart spelte inn seinare, i september - oktober 1982. Albumet har slik sett mykje til felles med det førre albumet. Det vart produsert av George Martin med to samarbeid med same artist (denne gongen Michael Jackson; på Tug of War var det Stevie Wonder), og McCartney fortsette å spele med Ringo Starr, den tidlegare 10cc-gitaristen Eric Stewart og det vart den siste innspelinga hans med Wings-gitaristen Denny Laine. I november byrja McCartney å filme den sjølvskrivne filmen sin, Give My Regards to Broad Street, i lag med kona Linda, Ringo Starr og Tracey Ullman, og det tok opp det meste av tida hans i 1983. På grunn av filminga, og for å la det gå nok tid mellom det nye albumet og Tug of War, vart Pipes of Peace utsett til oktober.
Men i motsetnad til Tug of War, hadde albumet ein meir elektronisk stil.[6] På sporet «Tug of Peace» blanda McCartney tittelsongen til Tug of War med tittelsporet får det nye albumet. Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra miksen som «ein nesten-electro-kollasj som driv songane i same området som McCartney II.[11]
Remove ads
Utgjeving
«Say Say Say» kom ut som den første singelen frå albumet i oktober 1983. Det var ein duett med Michael Jackson og nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, der han låg i seks veker, inn i tidleg 1984. Pipes of Peace nådde fjerdeplassen i Storbritannia og 15. plassen i USA. Etter «Say Say Say», vart tittelsporet ein stor hit i Storbritannia, der han gjekk heilt til topps på lista. I USA nådde B-sida 23. plassen.[12]
Remove ads
Nyutgjevingar
I 1983 vart Pipes of Peace gjeve ut på CD på Columbia Records. I 1993 vart albumet nymastra og kom ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection» med nokre bonusspor.
Albumet vart nymastra igjen og kom ut i 2015 som ein del av serien 'Paul McCartney Archive Collection'. Denne versjonen kom i ei utvida form med tre plater. Desse bestod av originalalbumet, ei bonusplate med stort sett demoversjonar av songane på originalplata og ei plate med ein film. Nyutgjevinga kom i lag med ein eksklusiv Record Store Day-singel, «Say Say Say (2015 Remix)».[13]
Innhald
Alle songar skrivne av Paul McCartney, utanom «Say Say Say» og «The Man» som er skriven i lag med Michael Jackson, og «Hey Hey» i lag med Stanley Clarke.
2015-utgåva
I 2015 vart albumet gjeve ut på ny av Hear Music/Concord Music Group som ein del av Paul McCartney Archive Collection. Det kom ut i fleire format:[14]
- Standardutgåve 2-CD; det originale albumet på den eine plata og ni bonusspor på den andre
- Luksusutgåve 2CD/1DVD + 112 siders essaybok og 64 sider med bok frå bak kamera om musikvideoen for songen «Pipes of Peace»
- Nymastra vinyl
- Plate 1 – nymastra album
Det originale albumet.
- Plate 2 – bonusplate
- Enno ein song var mogeleg å laste ned frå paulmccartney.com[15]
- «Say Say Say (Instrumental)» (2015 remix) - 3:41
- Plate 3 – DVD
- «Pipes of Peace» musikkvideo
- «So Bad» musikkvideo
- «Say Say Say» musikkvideo
- «Hey Hey in Montserrat» (privatfilm, 3 min)
- «Behind the Scenes at AIR Studios» (ikkje utgjeven før 6 min)
- «The Man» (privatfilm, 4 min)
Remove ads
Medverkande
- Paul McCartney - bassgitar, gitar, piano, klaverinstrument, synthesizer, trommer, vokal
- Linda McCartney - klaverinstrument, korvokal
- Michael Jackson - vokal på «Say Say Say» og «The Man»
- Eric Stewart - gitar, korvokal
- Denny Laine - gitar, klaverinstrument, vokal
- Hughie Burn - gitar
- Geoff Whitehorn - gitar
- David Williams – gitar på «Say Say Say»
- Stanley Clarke - bassgitar, vokal
- Nathan Watts – bass på «Say Say Say»
- Chris Hammer Smith – munnspel på «Say Say Say»
- Bill Wolfer – klaverinstrument på «Say Say Say»
- Gavyn Wright - fiolin
- Jerry Hey - strykarar, horn
- Gary Herbig - fløyte
- Chris Hammer Smith - munnspel
- Andy Mackay - saksofon
- Ernie Watts - saksofon
- Gary Grant - horn
- Ringo Starr - trommer på «So Bad» og «Average Person»
- Steve Gadd - trommer
- Dave Mattacks - trommer
- Ricky Lawson – trommer på «Say Say Say»
- James Kippen - tabla på «Pipes of Peace»
- Petalozzi's Children's Choir - korvokal på «Pipes of Peace»
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads