Little Wonder

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Little Wonder» er ein song og singel av David Bowie frå 1997 på albumet Earthling. Det var den største hitten frå albumet og nådde 14. plassen på singellista i Storbritannia. Under Brit Awards i 1998 vart songen nominert for beste britiske video.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), David Bowie-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

Bowie brukte namna på alle dei sju dvergane i teksten.[1] Den sampla, talte linja «If it's good to ya, it's gotta be good for ya» under instrumentalen kjem frå den talte introen til eit konsertopptak av Steely Dan-songen kalla «Bodhisattva» frå plateboksen Citizen Steely Dan. James E. Perone gav to ulike tolkingar av teksten, og skreiv at songen kan rett og slett representere somme karakteristikkar av personlegdomen til Bowie, eller eit romvesen som observerer ulike sider ved livet på jorda.[2] Tromme-breaket er sampla frå The Winstons-instrumentalen «Amen, Brother», ein populær trommesolo som ofte er blitt sampla og er omtalt som «Amen break».[3] Akkordprogresjonen er liknande den tidlegare Bowie-songen «Can't Help Thinking About Me

Meir informasjon Tittel, Miks og ekstra produksjon ...
Remove ads

Innhald

Britisk CD-versjon ein

  1. «Little Wonder (edit)» – 3:40
  2. «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55
  3. «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10
  4. «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10
  5. «Little Wonder (Juniors Club Instrumental)» – 8:14

Britisk CD-versjon to (avgrensa utgåve)

  1. «Little Wonder (edit)» – 3:40
  2. «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58
  3. «Jump They Say (Leftfield 12» Vocal Mix)" – 7:40
  4. «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06

Amerikansk CD-versjon

  1. «Little Wonder (albumversjon)» – 6:02
  2. «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55
  3. «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10
  4. «Little Wonder (Danny Saber Dance Mix)» – 5:30

Europeisk CD-versjon ein

  1. «Little Wonder (albumversjon)» – 6:02
  2. «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55
  3. «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06
  4. «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10
  5. «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10

Europeisk CD-versjon to

  1. «Little Wonder (edit)» – 3:40
  2. «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10
  3. «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Europeisk CD-versjon tre

  1. «Little Wonder (edit)» – 3:40
  2. «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Japansk CD-versjon

  1. «Little Wonder (edit)» – 3:40
  2. «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10
  3. «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06
  4. «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10
  5. «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10

Britisk 12"-versjonen

  1. «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10
  2. «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 5:30
  3. «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Europeisk 12"-versjonen

  1. «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10
  2. «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 5:30

Det vart òg gjeve ut tre promosinglar på CD.

Remove ads

Medverkande

Produsent
Musikarar

Konsertopptak

Remove ads

Andre versjonar

  • Haitian Hate Gods – .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Idiots Loop - Cover Ups (2019)

Andre utgjevingar

  • «Danny Saber remix» kom ut på filmmusikken til den europeiske utgåva av The Saint og på det andre filmmusikkalbumet til Hackers. Denne remiksen finst òg på bonusplata på fire spor som følgde konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000.
  • Ei videoutgåve kom ut på ein Jukebox 7"-utgåve av singelen «Dead Man Walking» i 1997.
  • Tre remiksar, «Censored Video Edit», «Junior Vasquez Club Mix» og «Danny Saber Dance Mix», kom ut på bonusplata til Digibook Expanded Edition av Earthling i 2004.
  • Singelversjonen kom ut på samlealbumet: somme utgåver av Best of Bowie (2002), den doble og tredoble utgåva av Nothing Has Changed (2014), og den doble utgåva av Bowie Legacy (2016).
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Musikkvidoe

Musikkvideoen til «Little Wonder» var regissert av Floria Sigismondi ein italiensk-kanadisk fotograf og regissør. Han er sett til ei dystopisk verd med mutantar, og syner raske klipp av Bowie som ein aldrande Ziggy Stardust og Halloween Jack som vandrar i gatene og undergrunnen i New York. Videoen inneheld videoskulpturar av kunstaren Tony Oursler. Bowie sa om arbeidet til Sigismondi: «Eg syntest ho har eit flott blikk, flotte teksturar og glimrande klipp.»[11] Videoen er i den permanente utstillinga til Museum of Modern Art i New York.[12]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads