Songen Scary Monsters (and Super Creeps)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Scary Monsters (And Super Creeps)» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som tittelsporet på albumet Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980. Songen vart òg gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1981. Sidan han kom ut etter dei to tidlegare hitsinglane frå Scary Monsters, «Ashes to Ashes» i august 1980 og «Fashion» i oktober same året, meinte NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray at han «føydde seg inn i rekka av den gamle tradisjonen i å mjølke album så langt det var mogeleg».[1]
Musikalsk er songen merkverdig for sologitaren til Robert Fripp og den særeigne syntetiske perkusjonen. Teksten, sungen av Bowie i ein slags cockney-aksent, omhandlar ei kvinne som trekkjer seg attende frå verda og vert galen («When I looked in her eyes they were blue but nobody home ... Now she's stupid in the street and she can't socialise»). Tematisk er songen samanlikna med Joy Division sin «She's Lost Control» (1979),[1] og til den «klaustrofobiske romansen» i samarbeidet med Iggy Pop i 1977 på albuma The Idiot og Lust for Life.[2]
Den redigerte singelen nådde 20. plass i Storbritannia. I tillegg til vinyl vart singelen òg gjeven ut på kassett. Songen vart sidan spelt på ei rekkje av turenane til Bowie.
Remove ads
Innhald
Alle songane skrivne av David Bowie.[3]
- «Scary Monsters (And Super Creeps)» – 3:27
- «Because You're Young» – 4:51
Den franske utgåva av singelen hadde «Up the Hill Backwards» som B-side.
Medverkande
- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie – vokal, klaverinstrument
- Robert Fripp – gitar
- George Murray – bassgitar
- Dennis Davis – trommer
- Tony Visconti – akustisk gitar på «Scary Monsters (And Super Creeps)»
Salslister
Konsertversjonar
- Eit konsertopptak frå 12. september 1983 kom ut på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983-1988) i 2018 og som kom ut separat året etter. Filmopptaket av same konsert kom ut på Serious Moonlight (1984).
- Songen vart framført under Glass Spider-turneen i 1987. Opptak av songen frå denne turneen kom ikkje ut føre ei spesialutgåve av Glass Spider i 2007, spelt inn i Montreal i Canada.
- Bowie framførte songen på Saturday Night Live den 8. februar 1997. Dette vart seinare gjeven ut på albumet Saturday Night Live - 25 Years Volume 1.
- Bowie og Reeves Gabrels spelte ein heilakustisk countryversjon av songen for radiostasjonen WRXT i Canada den 16. oktober 1997.
- Bowie spelte songen med Nine Inch Nails fleire gonger under Outside-turneen og eit konsertopptak kom ut på konsertalbumet No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) (2020).
Remove ads
Andre utgjevingar
- The song appeared* Songen finst på samleplatene:
- Golden Years (1983)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- The Platinum Collection – singelutgåva
- The Best of David Bowie 1980/1987 (2007)
- Nothing Has Changed (2014) (3-CD-versjonen) – singelutgåva
- Singelutgåva av songen kom ut på Re:Call 3, ein del av plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982) (2017).[4]
- Han finst i musikken til videospelet Gran Turismo (1998).
Remove ads
Andre versjonar
- Frank Black - Konsert i lag med David Bowie
- Ex-Voto - Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999)
- Sepulcrum Mentis - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
- Tides of Mars - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Superchunk - Cup of Sand
- Depussy - Pink Dolphin Music Presents: Scary Monsters (an electronic tribute) (2019)
- UFX - bonusspor på 2013-utgåva av Sick Sick Sex (2008)
- Joe Jackson - Live Music - Europe 2010 (2011)
- Daniel Johnston & Jack Medecine - The Electric Ghosts (2006)
- Shearwater - The Sky Is A Blank Screen: Live Recordings 2016 (2017)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads