London Town av Wings

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

London Town er det sjette studioalbumet til Wings, gjeve ut i 1978. Prosessen med å få i stand albumet var lang og vanskeleg og to bandmedlemmar slutta. Eit resultat av innspelinga var singelen «Mull of Kintyre», som var den bestseljande singelen i britisk historie til då.

Meir informasjon Wings-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Historie

Etter det kommersielle høgdepunktet i 1976 med Wings at the Speed of Sound og den suksessrike Wings Over the World-turneen, planla Paul McCartney eit liknande år for 1977. Men det gjekk ikkje heilt som planlagt.

I februar 1977 byrja Wings innspelingane i Abbey Road Studios, som heldt fram til slutten av mars. Her spelte Wings inn dei fem songane «Girls' School», «Name and Address», «London Town», «Children, Children» og Linda McCartney sin «B-Side to Seaside», som seinare vart B-sida til singelen «Seaside Woman» (gjeve ut under namnet «Suzy and the Red Stripes»).[8] Den første planen var å turnere USA, men dette vart stoppa då Linda oppdaga ho var gravid med det tredje barnet til ho og Paul. Då dei forstod at dei ikkje kom til å turnere, såg dei seg om etter stader å spele inn musikk, og Wings drog til yachten «Fair Carol» på Jomfruøyane i mai 1977 der dei spelte inn fleire nye songar. Den første arbeidstittelen var Water Wings. Då Linda McCartney kom langt ut i svangerskapet, tok bandet ein pause frå innspelinga, men hadde ein ny song klar, «Mull of Kintyre» som kom ut i november det året i lag med «Girls' School». Dette vart den einaste utgjevinga deira i 1977.[9]

Før singelen kom ut, slutta trommeslagaren Joe English då han hadde heimlengsel til Amerika[9] og reiste heim att. Sologitaristen Jimmy McCulloch slutta Wings for å bli med Small Faces i september det året. For første gongen sidan 1973 og Band on the Run, var Wings ned til kjernen på tre medlemmar med Paul og Linda McCartney og Denny Laine.

I november, to månader etter sonen James var fødd, og kort tid etter innspelinga for London Town heldt fram, vart den skotske hyllesta «Mull of Kintyre» gjeven ut til stor suksess og vart den mestseljande singelen i Storbritannia fram til då, og slo rekorden til The Beatles sin «She Loves You».[9] Sjølv om han vart forbigått i 1984 av Band Aid, er «Mull of Kintyre» framleis den fjerde mestselde singelen i Storbritannia, og den mestselde av singlar som ikkje var til inntekt for veldedige føremål.

Etter nokre siste innspelingar i januar 1978, var London Town fullført og singelen «With a Little Luck» kom ut i mars, og gjekk til topps i USA,[10] medan albumet kom ut ei veke seinare. Albumet inneheld songen «Girlfriend» som òg vart spelt inn av den amerikanske popstjerna Michael Jackson i 1979 på albumet hans Off the Wall. London Town fekk generelt god kritikk og selde godt. Det nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia og andreplassen i USA, der det selde over ein million eksemplar til platinaplate. Men etter ein sterk start, stoppa salet opp og dei neste singlane, «I've Had Enough» og tittelsporet, vart berre mindre hittar. Pønken hadde oppstått på denne tida, og bidrag nok til at albumet selde mindre enn tidlegare Wings-album, men London Town vert i dag rekna som slutte på den kommersielle gullalderen til Wings.

Paul McCartney var visstnok misnøgd med Capitol Records i USA, der «Mull of Kintyre» hadde seld dårleg, for den dårlege marknadsføringa av London Town. Då kontrakten hans tok slutt, signerte han for Columbia Records for Nord-Amerika, mens han vart verande på EMI elles i verda. I 1984 kom han attende til Capitol i USA.

I 1993 vart London Town nymastra og gjeve ut på CD som ein del av serien «The Paul McCartney Collection». «Mull of Kintyre» og B-sida «Girls School» vart gjevne ut som bonusspor.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1978), Plassering ...

Salstrofé og salstal

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads