Meaty Beaty Big and Bouncy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Meaty Beaty Big and Bouncy er eit samlealbum med singlar av det britiske rockebandet The Who, gjeve ut i 1971 på Track i Storbritannia og på Decca i USA. Det gjekk inn på den amerikanske Billboard 200-lista den 20. november 1971 og nådde 11. plassen der,[5] og den britiske albumlista den 3. desember 1971, der det nådde niandeplassen.[6] I 1987 rangerte Rolling Stone albumet på 99. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1967 til 1987.
Utanom to songar, «Boris the Spider» og «I'm a Boy», var alle songane på albumet gjevne ut som singlar i Storbritannia. .
Albumet har fått namn etter medlemmane i bandet: «Meaty» er Daltrey, som var i god form på den tida, «Beaty» er Moon, for tromminga si, «Big» er Entwistle, som var ein stor mann og ofte omtalt som «Oksen» og «Bouncy» var Townshend, fordi han ofte hoppa rundt på scenen.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Pete Townshend, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
The Who
- Roger Daltrey – solovokal
- Pete Townshend – gitar, klaverinstrument, kor- og solovokal
- John Entwistle – bass, kor- og solovokal
- Keith Moon – trommer
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano på «A Legal Matter»
- Jimmy Page – 12-strengs rytmegitar på «I Can't Explain»
- Kit Lambert, Shel Talmy – produksjon
- Bill Curbishley, Mike Shaw – albumdesign
- Graham Hughes – fotografi
- Steve Hoffman – mastering for CD
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads