Mellomaldermarknad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mellomaldermarknad
Remove ads

Mellomalderfestival eller mellomaldermarknad er ei tilstelling inspirert av mellomalderen og perioden rundt han. Ei slik tilstelling kan ha form som ein utandørs marknad med buer som sel varer og mat, gjøglarar, musikk, kampar eller riddarturneringar og andre historiske kostyme og framsyningar. Ein har gjerne slike tilstelllingai sommarhalvåret på torg i byar eller passande marker. Dei varer typisk ei helg, men det finst òg marknadar som varer i berre ein dag og andre som kan vara ei heil veke.

Thumb
Riddarar ved Linlithgow Palace i 2010.
Thumb
Mellomaldermarknad i Madrid.

Mellomaldermarknader omfattar normalt eit stort tal personar i drakter som kan vera laga etter mellomaldermønster eller med inspirasjon frå dei. Andre går i klede utan historisk tilknyting, men som er inspirerte av film om perioden. Reenacterar kan utøva handverk, teater, spela musikk, gjøgla og visa fram våpen eller kampar. Nokre marknader har telt der dei medverkande kan overnatta.[1]

Nokre marknader blir haldne på historiske stader, som borger og torg i mellomalderbyar.

Remove ads

Mellomaldermarknader i Noreg

Thumb
Frå Oslo Middelalderfestival.

Nokre norske mellomaldermarknader er Hamar Middelalderfestival, halden av Anno Museum,[2] Oslo Middelalderfestival ved Akershus festning,[3] Tønsberg Middelalderfestival, Re Middelalderdagene og Middelalderuka i Numedal.

Mellomaldermarknader i Danmark

Mange danske byar har mellomaldermarknader. Det største er Europæisk Middelalderfestival i Horsens med rundt 60 000 vitjande.[4] Ein av dei andre store markndane er Københavns Mellomaldermarked i Valbyparken. I 2013 hadde dette knappe 23 600 besøkande og 900 aktørar.[5] Det finst også marknader i m.a. Nyborg, Nysted (2009-2019) Viborg og ved fleire historiske stader som Esrum Kloster, Æbelholt Kloster, Spøttrup Borg, Kalø Slottsruin[6] og Voergaard Slott.[7][8][9][10][11]

Fleire friluftsmuseum held òg mellomaldermarknader. Nokre døme finn ein ved Brøndby Mellomalderlandsby i Brøndby, Hvolris jernalderlandsby i Møldrup vest for Hobro, Ulvsborg Historisk Værksted i Asnæs på Nordvestsjelland og Middelaldercentret ved Nykøbing Falster.[8][12]

Remove ads

Renaissance fairs i USA

Thumb
Fantasyinspirerte figurar som denne kentauren opptrer på nokre marknader.

Marknadane er svært populære i USA, der dei blir kalla renaissance fairs. Dei har meir karakter av ein moropark enn ein mellomaldermarknad i Europa, der formålet ofte er living history med eit element av utdaning. Autentisitet kan variera mykje, og varetilbodet er ofte forma av meir kommersiell karakter enn historisk korrektheit.[13] Sjølv om hovudfokus som regel er mellomalder, kan slike marknader òg visa til andre periodar kring mellomalderen som vikingtid, renessanse eller sjørøvarar frå 1600-1700-talet. I Storbritannia er tudortida, perioden kring Henrik VIII og Elizabeth I av England, populære. Nokre marknader kan òg ha laiv-rollespel,[14] og nokre kan òg ha fantasyelement som trollmenn, alvefolk og kentaurar.

I USA finst det permanente temaparkar med marknader.[15]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads